Om trua på «klimakrisa»

Takk til Hans Borge for innlegget onsdag 25. august med tittelen «Klimakrise, vitenskap eller tro». Sanneleg er det på tide at Dagen tek inn stoff om klimaet som er vitskapleg fokusert, i staden for hovudstraumspressa og andre media sitt mas om ei klimakrise som dei aldri greier å nemne eit einaste bevis for.

Men Dagen-redaksjonen må ha hatt dårleg samvit, for dagen etter, 25. august, kjem det eit stort førstesideoppslag med Extinction Rebellion med ei mengd klimakjensleutbrot, men kjemisk fritt for vitskapleg innhald.

Artikkelen fortsetter under annonsen.

Hans Borge har klimakunnskapar som eg fryktar at både Dagen-redaksjonen og fleste av lesarane heilt manglar: Historiske kunnskapar både om CO₂, fotosyntese og temperatur, om den nye IPCC-rapporten frå august 2021, og om statistikk som viser at klimarelaterte dødsfall har minka dramatisk dei siste 100 åra.

Borge konkluderer vel ikkje sjølv om vitskap eller tru, men klimakrisa er ikkje berre ei tru, men ei tydeleg religiøst prega tru, som eg vil meine at det ville vere naturleg for Dagen å gå nærare etter i saumane. Då må Dagen skaffe seg vitskaplege kunnskapar og deretter fokusere på skilnader mellom tru og vitskap. Når det gjeld det første, har organisasjonen som Borge representerer, over 300 vitskaplege artiklar å tilby på klimarealistene.com.

Så er det verkeleg bra at vi har eit politisk parti som seier tydeleg frå om at «klimakrisa» er skapt av politikarane, (og for så vidt menneskeskapt!), så ære vere Partiet Dei Kristne for det!