«Påske, det er… Ikkje påskestemning, men det er bodskapen om når Gud let sin vreide og dom over all synd ramma Jesus som Gud hadde gjort til synd», skriv Gudleik Himle (biletet). Foto: Privat

Om att og om att

No er det på ny snart påske. Kva fortel ordet påske?

Eg er vaksen opp med å høyra om Jesus. Har fått høyra om Gud Herren skapte, og eg er ein del av skaparverket. Maten eg et, naturen eg ser er ein del av det. Merkeleg, eller?

Herren skapte, alt. Staden me skulle bu, maten me trong for å leva var ordna. Då skapte Han menneske. Kan faktisk seia at Han sa: Kom, for alt er ferdig.

Artikkelen fortsetter under annonsen.

Heile Bibelen forkynner Guds verk og gjerning.

Eg undrast litt over eit ord - «Påskekrim». Heile Bibelen er full av spenning. Ikkje før er alt perfekt, så kjem Satan. Han fristar, men det er menneske som fell. Herren tek han fatt, set fiendskap mellom kvinneætta og satan. Lovar at ein av ætta skal knusa hovudet på forføraren.

Opp gjennom tidene ser me han virka, lurer. Så uendeleg mykje vondt, mykje smerte på grunn av synda, og det som fylgjer den.

Herren handlar, frir ut, tilgjev. Kor mange gonger tek Han opp att og fortel om si gjerning. Forkynner på ny og på ny kva Han har gjort. Opptekne av Herrens gjerning skulle dei vera.

No er det på ny snart påske. Kva fortel ordet påske?

Det minner oss om eit uskyldig Lam som vart slakta. Om eit blod som vart stroke på dørstolpane. Om at Herren såg ikkje etter kva dei følte, kjente. Nei, etter det verk som Han sjølv hadde forordna. Såg ikkje etter dei, men det uskuldige lam sitt blod.

Påske, det er… Ikkje påskestemning, men det er bodskapen om når Gud let sin vreide og dom over all synd ramma Jesus som Gud hadde gjort til synd. Let alt som skulle ramma meg, ramma Han.

Det forkynner ikkje kva me skal gjera, men kva som er gjort. «Hva Jesus meg har givet gjør meg for Gud så kjær», heiter det i ein song, og det er sant.

Artikkelen fortsetter under annonsen.

Kristendom, det er eit sentrum. Kristus Jesus. Det er ikkje min ytelse, men Guds gjerning.

Martin Luther skal ha tala om at evangeliet var ein sjeldenhet. Ja, eg er redd det er slik og i dag. Her skal det gjerast. Be må ein, bra. Tena skal ein, bra. Vinna dei ufrelste, bra.

Men som ein spurde: Kvar er Kristus?

Abraham og sonen, lovnadsonen var på veg. Dei skulle ofra. Eld hadde dei. Ved hadde dei. Eit vanta. 1. Mos 22.7,b, men kvar er lammet?

Kvar er lammet? Me organiserer, godt. Planar, strategiar, godt. Men kvar er lammet?

På Golgata, og frå Golgata lyder det. Det er fullført. Jesus på Golgata fullbragte alt, alt har han sonet og gjelden betalt. Takk.

Signerik Påske.