Offer-rolle i endring

Lat oss for ei stund dela det norske folk i to delar. To flokkar. Dei som reknar seg som homofile og som ønskjer å leva dette ut, gjerne gifta seg. På den andre sida, dei som ser dette som synd og som ønskjer å kjempa mot at «skeiv teori» skal dominere samfunnet.

Det har, slik eg ser det, vore vanskeleg å vera homoseksuell eller «skeiv» rundt om i verda; vårt land ingen unntak. I mange år. Folk i gata, har sett ekstra lenge på dei som «sikkert er homo» på ekskluderande vis. Om det langt i frå var alle med slike haldningar; det har i alle fall vore ein nokså utprega trend.

Artikkelen fortsetter under annonsen.

Men dette har endra seg radikalt. Folk har kome «ut av skapet» som ein gjerne har ynda å kalla det. I takt med det ein gjerne kan kalla «offerrolla». Dette at «det er jo så synd på dei homofile, som må halda seg i skjul og som grunna sin legning, ikkje er særleg populære». Og «Så vondt som dei har hatt det i samfunnet, opp igjennom tidene!».

Slikt har endra haldningane over tid. Og i dei siste åra har dette akselerert. Spesielt etter at landet vårt fekk vedteke Den kjønnsnøytrale ekteskapslova, har utviklinga gått fort.

No er vi der, at det er dei som står for det tradisjonelle syn på ekteskap og seksuelt samliv, som blir «sett ned på». Det er ikkje mykje desse skal ytre seg i det offentlege rom, verken i skrift eller tale, før det blir «høg støy»!

Dei homofile treng ikkje lenger kjempa for å bli «akseptert» for sin seksualitet i det norske samfunnet.

Det blir gjerne argumentert slik at dei homofile må gå i Pride for ein kamp må kjempast for dei «homofile sine rettar». Og som dei difor vil folk skal applaudera.

Einkvar har rett til å kjempa for å ha eit best mogeleg liv her på jorda. Også dei homofile mellom oss. Eg tenkjer då på samfunnsgoder. Men dei homofile treng ikkje lenger kjempa for å bli «akseptert» for sin seksualitet i det norske samfunnet. For der har dei har fått med seg Kyrkja. Og det i stadig sterkare grad. Og dessutan storting og regjering, uavhengig av politisk farge. Ja, like inn på kongens slott er aksepten nådd.

Så, nei, dei treng ikkje å kjempa for å bli akseptert lenger. Vi kan like det eller ei; Men dei er akseptert!