HØGTFLYGANDE: McCain-leiren har laga ein politisk kortfilm som karikerer Barack Obamas pathos-fyllte retorikk. Obama leverte i Berlin (bildet) det kritikarar såg som ein høgtflygande tale om universell einskap og fred.

Obama framstilt med Messias-kompleks

Den siste reklamefilmen til presidentkandidat John McCain framstiller Barack Obama både som Moses og Messias.

Berre ei veke etter at Barack Obama leverte det kritikarar såg som ein høgtflygande tale om universell einskap og fred i Berlin, utgav McCain-leiren ein politisk kortfilm som karikerer Obamas pathos-fyllte retorikk. Filmen «The One» (den utvalde, journ. mrk.) klipper saman ei rekkje utsegn frå Obama, der kandidatens ofte religiøse språkbruk er spesielt framtredande.



Du vil få ei openberring

– Eit ljos vil skina ned på deg. Du vil få ei openberring. Og du vil seia til deg sjølv: Eg må stemma på Barack! er eit av sitata filmen nyttar for å underbyggja bodskapen. Ei film-stemme kommenterer: «Og verden vil motta hans velsignelsar». Vidare viser filmen klipp frå den legendariske Moses-filmen «De ti bud» med Chartlon Heston frå 1956, for å gjera dei religiøse parallellane openberre.

– Han er kanskje den utvalde, men er han klar for å leia? er den korte filmens avsluttande spørsmål.



Bibelske allusjonar

Den politiske filmen som vart utgitt denne veka har vakt oppsikt blant politiske kommentatorar. At McCain-leiren vågar å bruka eit betent tema som religion, og nesten samanlikna Obama med Herren sjølv, vert sett som ei anerkjenning av Obamas talegåver.

– Utan å anstrenga seg kan Obama gi høgtflygande monologar fyllte med bibelske allusjonar. Denne retorikken skaper håp og valgmessig velvilje. McCain-leiren vil gjerne stoppe denne trenden, og prøver å få folk til å rulla med augene kvar gong Obamas veltalenheit vert for svulstig, kommenterte professor Jacques Berlinerblau i Newsweek.



Eller kanskje han er muslim?

Ei anna anklage med religiøse overtonar som Obama har måtta kjempa mot er påstandar om at han eigentleg er muslim. Wall Street Journal kasta meir ved på bålet sist onsdag då dei rapporterte at ein frivillig advokat i Obama-kampanjen, Mazen Asbahi, kunne ha hatt ein mogeleg kontakt med ein fundamentalistisk moskè i Illinois. Asbahi hadde opprinneleg hatt eit ynskje om å betra Obamas kontaktar med muslimar og amerikanarar med arabisk bakgrunn, men resignerte måndag for å «unngå å trekkja merksemd frå Obamas bodskap om endring».

– Dette viser berre kor islamofobisk det politiske klimaet er nett no. Grunnlause påstandar mot ein muslim av godt rykte vart brukt for å marginalisera ikkje berre han, men også [det muslimske] samfunnet frå å delta i den politiske prosessen,  uttalte ein talsmann for Rådet for amerikansk-muslimsk dialog, Dawud Walid.


DM