ERFAREN LEIAR: Med Børge Brende fekk Noreg ein erfaren og kunnskapsrik leiar av norsk utanrikspolitikk. Her er Brende på vitjing i Holocaustmuseet i Jerusalem.

Ny Midtausten-politikk?

Eg håpar at vi snart ser konturen av ein ny norsk utanrikspolitikk overfor Midtausten og konflikten mellom Israel og palestinaarabarane, skriv Karl Johan Hallaråker

Det var store forventningar til den nye regjeringa sin utanrikspolitikk. Det gjaldt ikkje minst ønske om ein ny politikk overfor Israel og konflikten med palestinaarabarane. Den raudgrøne regjeringa si støtte til terroristorganisasjonen Hamas var m.a. det som måtte endrast.

Det har også skjedd til ei viss grad. Med Børge Brende fekk Noreg ein erfaren og kunnskapsrik leiar av norsk utanrikspolitikk. Vi har ein utanriksminister med stor respekt i mange samanhengar og mellom dei store internasjonale aktørane.

Artikkelen fortsetter under annonsen.

På nokre område må vi likevel kunna ytra at forventningane var større enn resultata så langt. Bistandspolitikken og kompetanse på område som religionskunnskap (som SV-statsråd Erik Solheim sette i gong), er ikkje saksfelt som ruvar i denne regjeringa enno!

Midtausten og konflikten mellom Israel og palestinaarabarane er det feltet eg trekker fram som særleg skuffande frå Brende og regjeringa.

Fredag for ei veke sidan hadde Dagen ei sides oppslag med utanriksministeren på besøk i området. «Brende tror på fred med delt Jerusalem» var overskriftsmeldinga. «Brende tror fortsatt på en fredsavtale mellom Israel og palestinerne med en deling av Jerusdalem etter linjene fra 1967», var biletteksten som fulgte biletet av Brende på Scopus-høgda (eit område som då ville bli ein del av den palestinske hovudstaden).

Det er tydeleg at Brende står i tradisjon med den gamle og feilaktige retorikken om at Israel sine våpenkvilegrenser frå før 1967 (den såkalla green-line som det blei kalla etter kartskissa med grøn pensel) er dei offisielle landegrensene med folkerettsleg status.

Dette er ikkje objektiv sanning om det blir gjenteke aldri så mykje. FN resolusjon 242 blei ikkje slik arabarlanda og deira støttespelarar ønskte. USAs president L B Johnsen sette foten ned.

Det skulle forhandlast om område og ikke områda (territories og ikkje the terriories). Poenget er klart: Det er ikkje folkerettsleg dekning for at Israels grenser skal vera våpenkvilegrensene frå før 1967.

Det er heller ikkje berre snakk om byte av land om ein skal justera dette. Det er meir enn trist at politikarar og store deler av media gjentek feilinformasjonen om dette år etter år.

Abbas erklærte nyleg at han ikkje ville ha ein einaste jødisk borgar i sin stat. Det er nok det «tolerante» hjartespråket til leiaren for sjølvstyresmaktene.

Artikkelen fortsetter under annonsen.

Disverre hadde Brende ingen kritiske merknader til «apartheiduttalen», men kom med sin vennlege tolking. «Han (Brende) antar at Abbas sikter til de jødiske bosetterne i Judea og Samaria.» For meg er det i beste fall døme på at utanriksministeren bit på det arabiske dobbeltspråket. Ønskjer utanriksministeren å halda oppe «judenrein»-ideologien?

Brende talar høgt om nulltoleranse mot korrupsjonen i den palestinske leiren, men vi treng vita meir enn fagre ord: Kva gjer ein konkret for at korrupsjon ikkje skjer? Kva gjer ein konkret når korrupsjon blir oppdaga?

Eg håpar at vi snart ser konturen av ein ny norsk utanrikspolitikk overfor Midtausten og konflikten mellom Israel og palestinaarabarane.

Men då må ein ta fakta på alvor og ikkje berre koma med gamal retorikk. Eg veit at det er mange politiske utfordringar på begge sider. Nybyggarkoloniane skaper politiske problem. Jerusalem blir heller ikkje lett å løysa.

Men vi må ikkje gløyma gamle fakta: Jerusalem har aldri vore hovudstad for andre enn jødane. Jødar og kristne har historisk tilknyting til byen med tempelet og Jesus. Muslimane har kun ideologisk tilknyting til byen. Eg støttar Israels konklusjon i 1980: Jerusalem er Israels udelte hovudstad.