OLJE OG GASS: «Olje og gass vil fortsetje å vere Noregs viktigaste næring i lang tid», skriv artikkelforfattarene.

Ny giv i olje- og gassektoren

Vi skal halde fram med å vera ein nasjon som skal leve av olje- og gassressursane våre. Då må oljeinntektene verta sikra til det beste for samfunnet. Berre her i Bergensregionen sysselset næringa 17.000 arbeidstakarar, og gjev oss solide ringverknader.

Skattesystemet må motivere til å vinne ut og investere slik at det er lønsamt både for selskapa og samfunnet elles. Det tryggar tusenvis av jobbar.

Artikkelen fortsetter under annonsen.

Regjeringa presenterte førre veke eit forslag til ny petroleumsskatt. Dette tolka nokon som eit angrep på oljebransjen. Dette er ikkje riktig. Det er ingen grunn til å frykte at oljejobbane skal forsvinne, tvert imot. Dette vil trygge bransjen sine rammevilkår framover.

Reaksjonane frå næringa og analytikarar dei siste dagane har understreka dette. Fellesforbundet sin leiar Jørn Eggum støttar også hovudgrepa, og er sært kritisk til Frp sin handtering. Vidare skal framlegget no ut på høyring før den endelege handsaminga skal skje i Stortinget til hausten.

«For nye felt ser dette gunstig ut», seier Tore Gulbrandsøy, leiar av Rystads Energys Stavanger-kontor, i eit intervju med Stavanger Aftenblad.

Tidlegare sjef i oljeselskapet Okea, Erik Haugane, seier til DN at han sjølv foreslo dette for 15 år sidan, og at dette vil vere gunstig for dei mindre aktørane som vil drive på norsk sokkel.

Olje- og gassnæringa har gitt oss velferd og arbeidsplassar, og gjort Noreg til eit av dei rikaste landa i verda. Då næringa sto overfor store utfordringar i fjor, sytte Stortinget for ein omfattande redningspakke, med mellombelse skatteendringar for å halde oppe aktiviteten på sokkelen og i norsk leverandørindustri.

Olje og gass vil fortsetje å vere Noregs viktigaste næring i lang tid.

Neste år startar utfasinga av desse reglane. No er derfor tida inne for å sjå framover. Den nye skatten bygger på mange måtar ei bru mellom den mellombelse ordninga og den ordinære som var moden for endring.

Olje og gass vil fortsetje å vere Noregs viktigaste næring i lang tid, og regjeringa har foreslått ein ny oljeskatt for framtida. Den gir næringa føreseielege rammer. Det tenar både selskapa og samfunnet på, og ikkje minst alle som jobbar i næringa.