VANSKELEG: Det er ein vanskeleg balansegang kringkastingssjefen (biletet) må gå innan eigne tilsette, for dei ulike avdelingane har innarbeidde rutiner og arbeidsfordeling som ikkje kan endrast over natta. Dette ventar eg heller ikkje av ein relativt nytilsett kringkastingssjef, skriv Henrik Leirvik.

NRKs påverknadskraft

Når det vert hevda at NRK nyttar folkeretten som kompass når det gjeld begrepsbruken, spør eg meg sjølv: Kva for ein versjon er det NRK nyttar?


NRK v/kringkastingssjef Thor Gjermund Eriksen:

I det egtakkar for svar (28.06)mitt brev, er det eit par ting å kommentere:

Artikkelen fortsetter under annonsen.

Når det vert hevda atNRK nyttar folkeretten som kompass når det gjeld begrepsbruken, spør eg meg sjølv: Kva for ein versjon er det NRK nyttar?


Eg har lese gjennom ulike versjonar, og reknar med at «Røde Kors» si tolking kan nyttast?

«Folkeretten er i stadig utvikling og skaper derfor nye reglar der det trengst, forkastar utdaterte bestemmelsar og tilpassar seg eksisterande forhold. Derfor er det ein seier at Folkeretten er dynamisk i sin karakter.» (Folkerettsseksjonen, Røde Kors).

Det er denne dynamikken i tolkninga eg meiner kringkastingssjefen må vere på vakt mot. Ved å nytte radikale palestina-sympatisørar som faste reportarar, tek NRK del i ein dynamisk demoniserings-prosess som stemplar jødane som rase, sjølv om NRK vil hevde at det er staten Israel dei stiller spørsmål ved.


Det er ein vanskeleg balansegang kringkastingssjefen må gå innan eigne tilsette, for dei ulike avdelingane har innarbeidde rutiner og arbeidsfordeling som ikkje kan endrast over natta. Dette ventar eg heller ikkje av ein relativt nytilsett kringkastingssjef.

De er truleg oppdatert på korleis Israel kunne utvikle kjernevåpen – og kva rolle Noreg spela i samanheng med det salet av tungtvatn som var føresetnaden for kjernevåpenutviklinga. Det var tidlegare forsvarsminister Jens Christian Hauge (Ap) som villeia det norske Storting vedrørande salet og kva som gjekk føre seg i Dimona.

No veit vi at Israel disponerar mange kjernefysiske sprengladningar, noko Noreg har lagt til rette for, og vi veit også at alle IDF-rekruttar må avlegge eiden: «Aldri meir Holocaust.» I dette ligg at Israel, i siste instans, vil nytte sitt totale arsenal. For at dette ikkje skal skje, bør Noreg syne forståing for demokratiet Israel sin desperate overlevingskamp.

Vi bør syte for at Israel ikkje vert ståande åleine, for det er god gammal pedagogikk: Vert du desperat nok, gjer du desperate handlingar. Ein god start for ein nytilsett kringkastingssjef må vere å syte for balanserte reportasjer der alle sider får kome til orde.

Artikkelen fortsetter under annonsen.

OSSE gjorde i 2012 ein analyse av norsk utanrikspolitikk, og der vart det uttrykt bekymring over den anti-israelske haldninga i Noreg. OSSE konkluderar slik:

«Utenriksministeren bør fremme en sivilisert diskusjon om Midtøsten-konflikten, og reagere overfor dem som i debatten demoniserer staten Israel.» Dette gjeld utanriksministeren, men han har ikkje den påverknadskrafta som NRK har. Derfor kviler ansvaret tungt på Dykk, kringkastingssjef!

Eg bed om orsaking for det lange brevet, men eg reknar ikkje med at vår brevveksling varer lenger enn til det svaret eg ventar å finne i dei samme avisene som prenta det første innlegget.