KVALITET: Norsk olje og gass har svært lave produksjonsutslepp og høg kvalitet, skriv Sigbjørn Framnes. Johan Sverdrup feltsenter vart offisielt opna sommaren 2020. Johan Sverdrup er det tredje største oljefeltet på norsk sokkel.

Norsk petroleum er ikkje problemet, men ein del av løysinga

Etter at klimarapporten vart publisert, er det mange som snakkar og skriv med krigstypar, både politikarar, journalistar og kommentatorar. Åtaka går i retning vår olje- og gassproduksjon.

Etter mitt og Frp sitt syn er det feil medisin om ein skal oppnå globale utsleppskutt. At Noreg skal redda verda er ikkje noko nytt, men det vert ikkje meir rett av den grunn.

Artikkelen fortsetter under annonsen.

Dei totale utsleppa i Noreg var cirka 50 millionar tonn i 2020, noko me sjølvsagd skal jobbe med å redusere. Reduksjonen må skje kostnadseffektivt utan å føre til industridød og høge avgifter for folk flest. Å hjelpe andre med å redusere sine utslepp er kanskje den mest effektive måten.

MDG har i debattar vist til store utsleppsreduksjonar i Storbritannia. Dette er svært bra! 38 prosent reduksjon i 2019. Det MDG ikkje seier så mykje om, er årsaka.

Hovudårsaka er at Storbritannia stenger kolkraftverk og går over til gasskraft, fyrt med norsk naturgass! Ingen land planlegg å redusere energibehovet sitt vesentleg, men ein søker nye produksjonsformer.

SIGBJØRN FRAMNES: Tredjekandidat til Stortinget for Frp i Hordaland.

Tyskland vert også ofte dratt fram. Dei har gjennom «Energiwende» satsa stort på sol og vind, og stenger i tillegg ned kjernekrafta. Satsinga har store kostnadar, 3–500 milliardar euro dei siste tiåra.

Sjølv med denne satsinga greier ikkje sol og vind å produsere det som trengst. Utfasinga av kjernekrafta har difor ført til auke i kol og gass.

Tyskland bygger difor eit importrøyr for russisk naturgass, og bygger minst eit nytt kolkraftverk fyrt på brunkol. Brunkol er verste sort utsleppsmessig. Om ein kan tenke seg at Tyskland gjorde som Storbritannia og gjekk vekk frå brunkol og over til naturgass ville det medført store utsleppsreduksjonar og kostnadsreduksjon.

Om venstresida får bestemme og fasar ut norsk olje- og gassproduksjon vil det medføre at Europa vanskeleg kan nå sine klimamål. I tillegg får me ein økonomisk nedtur me aldri har sett maken til, og produksjonen flyttast berre til andre land.

Med denne politikken får me økonomisk krise, høg arbeidsløyse, sviktande europeisk energisikkerhet og økt politisk og økonomisk makt til Russland og Saudi-Arabia. Det er etter mitt syn ein håplaus politikk.

Artikkelen fortsetter under annonsen.

Ein må sjå utsleppa i global samanheng. Ein må sjå på verstingen Kina, med 10,4 milliardar tonn CO₂-ekvivalentar i 2020, 30 prosent av verdas samla utslepp og cirka 200 gonger Noregs utslepp. Per 2020 er det 987 kolkraftverk i Kina, i tillegg kjem 121 nye innan 2030. Sagt med andre ord, utsleppa går opp og dei opnar fleire nye kolkraftverk enn verda elles legg ned.

Norsk olje og gass har svært lave produksjonsutslepp og høg kvalitet. At den blir produsert i verdas beste demokrati der ein respekterer miljøkrav og menneskerettar, bør tale for seg sjølv. Derfor står eg for min påstand; norsk petroleum er ikkje ein del av problemet, men ein del av løysinga.

FrP arbeidar for å redusere norske utslepp. Me må likevel sjå ting i global samanheng, bruka pengar på det som gir dei største globale reduksjonane og arbeida for innovasjon som kan eksporterast for å redusera globale og nasjonale utslepp.

Det er viktig å pusta med magen og ikkje la seg skremma. Me må ikkje satsa pengane på symbolske klimatiltak i blind panikk!

Er du einig, kan du trygt stemma på meg og Frp i valet 13. september.