«Norsk kultur» – Allah skal med?

Det er snart stortingsval, men ingen vil drøfte den viktigaste saka for landet.

Eg veit ikkje kor mange gonger me har drøfta kva ein meiner med norsk kultur. Det treng ikkje vera så vanskeleg.

Med ein gong kan me slå fast: Fårikål og lutefisk, vaflar og geitost er ein del av kosten i Noreg, men det blir for einfelt å seia at dersom alle innvandrarar maular seg nok av desse delikatessane, er også dei å rekne som integrerte nordmenn.

Artikkelen fortsetter under annonsen.

Norsk kultur er dei uttrykka av den europeiske felleskulturen som har funne sine former på norsk grunn. Det er vår kultur.

Kulturarven frå Jerusalem, Aten og Roma er fundamentet. Me talar om den jødisk-kristne tradisjonen som er kome til oss via Europa, og som er utvikla og dyrka fram her heime i eit vekselspel særleg med vestlege kulturnasjonar gjennom eit tusenår.

Det gjeld språk, kristendom, skikkar og høgtider, litteratur og teater, musikk og dans, mat og drykk, byggeskikk og materialkunnskap, klede og tekstilar folkekunst og handverksteknikkar, osv. I sum er dette Den Norske Eigenarten.

Denne har av kreative sjeler funne sine vokstervilkår og tilmåtingar i lende og topografi, klima og årstider. Me har dyrka fram våre særkjenne i alt dette. Det er ein kultur og ei livsform me trivs med.

Kort sagt er norsk kultur summen av våre historiske tradisjonar, oppfatningar og levemåtar.

Mykje av det eg talar om her, er det berre Noreg sjølv som kan ta vare på og utvikle, til dømes norsk språk og norsk folkemusikk. Ingen andre.

Livsgrunnlaget ligg i å utnytte dei gjev- ne ressursane med våre eigne kunnskapar og evner. Det er den norske produksjonskulturen.

Men nasjonen er meir enn materielle produkt: I dette samfunnet – med grunn- leggjande ytringsfridom og folkestyre
– lever eit aktivt sivilsamfunn; lag og organisasjonar; friviljuge ordningar på alle område – frå giftarmål til fagforeiningsmedlemskap. Me har høve til kulturopplevingar frå den spedaste fløytelåt til dei største symfoniar; med allemannsrett på fjell og i skog; med kjøpekraft og brukande velstand for dei fleste; med velferd og likeverd for alle – ja, kva meir kan me då be om?

Artikkelen fortsetter under annonsen.

Eg er meir i tvil om det vert til framgang for norsk kultur at Allah og hans drabantar gjer sitt inntog. I alle land vil dei vita og setja premissane for læring, levemåte og lovverk. Den religiøse overtydinga og kampviljen imponerer. Med masseinnvandring frå ikkje-vestlege samfunn, høge fødselstal, og med Allah og ummahen som inspirasjon og mål, vil talet framandkulturelle i Europa auke eksplosivt.

For kvar barnefiendtleg generasjon vil dei etniske nasjonalitetane i Europa bli nær halverte (100, 50, 25...) medan dei frøførande doblar seg (25,50,100...). På denne måten blir folket «skifta ut» på eit par-tre generasjonar, dvs. på historisk kort tid.

Eg har skrivi to bøker om kva som vil skje dersom den truskuldige tilrettelegginga for islam (med radikal islamisme på kjøpet) og europeisk verdirelativisme held fram som i dag – Amerikabrevet: Europa i fare (2007) og Demokrati eller islamisme – Europa under islam? (2013).

For min del veit eg kva eg ikkje vil kalle norsk kultur:

Underkasta kvinner

Tvangsekteskap

Polygami

Tildekking av jentebarn og kvinner

Artikkelen fortsetter under annonsen.

Gjengkultur og valdtektsbølgjer

Æresdrap

Sharialov

Teokrati

Sjå på kristne og jødar som vantrue

Sjå på islamkritikk som blasfemi

Sjølvsensur og redusert ytringsfridom

Yrkesforbod ved å ha «feil» meiningar

Artikkelen fortsetter under annonsen.

Utnytting av demokratiet for å avskaffe det

Einvegstoleranse

Ekstrem sosial kontroll

Klansamfunn

Halalslakting

Dødsstraff for trusfråfall, ateisme og homofili

Heilag krig (jihad) som plikt

Fiendskap mot forsking og vitskap

Artikkelen fortsetter under annonsen.

Underkuing av minoritetar

Segregert undervisning

Skjerming mot vertslandets kultur

Trugsmål og terror

Siste nytt: «Grooming» i Oslo ? (jf. Rotherham)
Osv. osv.

Dette vil berre rulle og gå. Svenske tilstandar neste. Så neste. Ingen «tiltak» kan trumfe demografi og tankeliv.

Det er snart stortingsval, men ingen vil drøfte den viktigaste saka for landet.