REGJERINGA: No må regjeringa snu, og bli ei leiande stemme i WTO for at vaksineoppskrifta blir delt med fattige land. Det skulle berre mangle, skriv Liv Signe Navarsete og Kjersti Toppe. På biletet ser vi ein leveranse av vaksinar til Sarajevo. 


Norge må vise vaksinesolidaritet

Ingen er trygge før alle er trygge.

USA varsla den 5. mai at dei vil støtte forslaget i Verdas Handelsorganisasjon (WTO) om å midlertidig oppheve patentrettigheitar på vaksiner under pandemien.

Vedtaket er fantastisk gode nyheiter for heile verda, og noko som kan bidra til å slå ned pandemien om det får fleirtal i WTO. Forslaget har støtte frå over 100 land, mange hundre sivilsamfunnsorganisasjonar og en rekkje helsetoppar, tidligare nobelprisvinnarar og statsleiarar.

Artikkelen fortsetter under annonsen.

Uttalen frå USA omtalar kun vaksiner, men vi vil understreke at det midlertidige unntaket også må gjelde medisinar, teknologi og utstyr.

Det var India, Sør- Afrika, Nepal og Eswatini som i oktober 2020 ba WTO om å mellombels sjå bort frå regelverket om patenter på vaksiner. Norge leiar Trips-rådet i Verdas Handelsorganisasjon (WTO), og har difor ei leiande rolle i patentarbeidet om vaksiner.

Men diverre har regjeringa hatt ei kald tilnærming til saka, og røysta saman med andre vestlege land mot fattige lands ønske om at vaksineoppskrifta må delast på.

Regjeringa har to gonger sagt nei i WTO til at Norge skulle gå inn for å mellombels oppheve patentrettane for vaksine.

Utanriksministeren har kalla forslaget eksperimentell handelspolitikk når ein står i ein verdsomfattande pandemi. Regjeringa si haldning har vore både provoserande og oppsiktsvekkjande.

Senterpartiet har både i fjor haust og i januar i år røysta for eit slikt forslag i Stortinget om å midlertidig lempe på pantentregimet for vaksiner mot korona. Men både Ap, Frp og regjeringspartia røysta det ned. At det måtte eit presidentskifte til i USA til for at – kanskje – regjeringa i Norge no vil ta sitt solidariske ansvar, den såg vi ikkje kome.

Vi står midt i ein verdsomfattande pandemi. Ingen er trygge før alle er trygge.

India, som var eit av landa som i fjor haust ba om deling av vaksineoppskrifta, står no i ein nasjonal smittekatastrofe. Folk går gatelangs for å skaffe oksygen til sjuke familiemedlemer. Landet har berre fått vaksinert ni prosent av sine innbyggjarar.

Artikkelen fortsetter under annonsen.

No må regjeringa snu, og bli ei leiande stemme i WTO for at vaksineoppskrifta blir delt med fattige land. Det skulle berre mangle.