KALL: Kongeparet har sett på gjerninga si som eit kall. Kall til å tene folk og land. Det synte dei ved å la seg signe i Nidarosdomen, skriv innsendaren.

Noreg treng kongen

23. juni i år var det 30 år sidan kongeparet, Dronning Sonja og H.M. Kong Harald V vart signa i Nidarosdomen.

Fleire gjev uttrykk for å erstatte monarkiet med republikk. Til dømes har partiet Venstre på deira landsmøte i september 2020 gjort vedtak om det.

Artikkelen fortsetter under annonsen.

Senterpartiet er ikkje samd, og har ikkje ynskje om noko presidentval i tillegg til våre andre val.

Derimot meiner Senterpartiet at landet vårt er mest tent med eit Kongehus, også i framtida.

Dronning Sonja og Kong Harald har i alle år representert landet og tent folket. Ikkje minst har dette synt seg i kriser.

Kongen er Norges statsoverhovud, men i praksis er det ikkje han som bestemmer i politiske spørsmål. Likevel møter han regjeringa ofte.

Kvar fredag har regjeringa møte med Kongen på Slottet. Her blir Kongen informert om dei siste politiske hendingane, og må skrive under på lover som er vedtatt i Stortinget. Dersom Kongen nektar eller ikkje vil skrive under, blir lovforslaget sendt attende til Stortinget.

Les også
30 år siden kongeparet ble signet i Nidarosdomen

Me meiner at Kongen skal halde fram som Noregs statsoverhovud, som den øverste symbolske leiaren for den utøvande makta, kongen i statsråd, noko som har vore tilfelle sidan unionen med Sverige vart oppløyst 7. juni 1905.

Me må heller ikkje gløyme «Kongens nei» under okkupasjonen av Noreg. Det vil seie Kong Haakon VII si avgjerd om ikkje å etterkoma kravet om tysk overgjevnad. Dette fekk stor tyding for det framtidige styresettet landet vårt er tufta på.

Kongeparet har sett på gjerninga si som eit kall. Kall til å tene folk og land. Det synte dei ved å la seg signe i Nidarosdomen. På den måten vart dei eit førebilete for dei som styrer landet. Ein politikar er ein representant og ein tenar for folket.

Artikkelen fortsetter under annonsen.

Me lever i ei tid der menneske lett vert opptekne av eigne interesser. Individualisme. Kongeparet har synt det motsette.

Me lever i ei tid der menneske lett vert opptekne av eigne interesser. Individualisme. Kongeparet har synt det motsette. Frå individ til fellesskap, som sitt største mål!

Det norske folket har sett deira gode døme ved å halde sitt løfte i hevd. Saman har dei kjent styrken ved å vera to, òg i dei tunge stunder.

Med felles vilje og forente krefter har dei via sitt liv til teneste for sin familie og sitt folk. Dei har gjennom sin kongegjerning synt at kjærleiken sin kraft veks når den vert delt - i fellesskapet. I ein slik praksis er alle vinnarar!

Kongeparet, Sonja og Harald har gjeve oss varme og inspirasjon i møte mellom ulike menneske i vårt unike land. Dei bind oss saman til eitt folk i dag. Ei forplikting til å leva saman for kvarandre. I enkelte situasjonar å sjå vona i mørket.

Måtte Kongehuset framleis få leggje sine hender under andre sine bører for å lyfte dei opp.