STRAUMPRISAR: For å vareta den kraftkrevjande industrien si konkurransekraft, og ha levelege straumprisar for folk flest, må vi sørgja for Noreg har eit kraftoverskot, skriv Sigbjørn Framnes her.

Noreg skal ikkje skusle vekk kraftoverskotet på symbolpolitikk!

Norsk kraftproduksjon er i eit normalår om lag 153 TWh, der mesteparten kjem frå vasskraft. Kraftoverskotet er då om lag 10 TWh, noko som bidreg sterkt til å halde straumprisen nede.

2021 er ikkje eit normalår. Vi har hatt lite nedbør her heime, lite vind i Europa, auka CO₂-pris og auka kull- og gassprisar. Det gjer no at vi ser rekordhøge straumprisar også her heime.

Artikkelen fortsetter under annonsen.

Deler av prisauken skuldast utanlandskablane. Desse vart i si tid godkjent av den raudgrøne regjeringa, som også ville byggja tusenvis av vindmøller på land for å bli Europas batteri. Me ser no resultatet. Om du koplar ein marknad med låg snittpris til ein marknad med høg snittpris vil prisen auka der den var lav, og gå ned der den var høg.

Nokon trekk energibyrået ACER inn i debatten om straumprisar. Det er ei avsporing. Noreg er sikra full råderett over eigen kraftproduksjon og avgjer sjølv om det skal byggast nye kablar til utlandet. Etter at Stortinget gav si tilslutning til ACER er det heller ikkje vedtatt nye kablar, og ACER har ikkje fatta andre konkrete vedtak knytt til Noreg.

For å understreka at energibyrået ACER i seg sjølv ikkje betyr noko for straumprisen i Noreg kan vi sjå på straumprisane i 2020. Då var prisane rekordlåge i Noreg. Ja, straumen var nær gratis i fjor sommar! Og vi var allereie då knytt til ACER gjennom stortingsvedtaket frå 2018.

Det som derimot vil påverka straumprisen er elektrifisering av norsk sokkel. Dette aleine vil krevje 10–15 TWh, og i praksis fjerna kraftoverskotet vi har i eit normalår.

Resultatet? Vi vil få vesentleg auka straumpris for folk flest og industrien, og det utan at klimagassutsleppa vert redusert! Gassen ein no nyttar til elektrisitetsproduksjon på oljeplattformene vil bli eksportert og brent i Europa, og eit rekneskapstriks flyttar utsleppet til andre land sine klimarekneskap. Dei globale utsleppa er derimot dei same, Noreg har ikkje ein eigen atmosfære.

Og kostnaden for norske skattebetalarar? Jau, prisen for elektrifisering av sokkelen er estimert til heile 40–50 milliardar kroner og fellesskapet må ta største delen av rekninga.

Dette er ganske enkelt rådyr og symbolsk klimapolitikk som Frp ikkje vil vere med på!

For å vareta den kraftkrevjande industrien si konkurransekraft, og ha levelege straumprisar for folk flest, må vi sørgja for Noreg har eit kraftoverskot. I tillegg trenge ein betre overføringskapasitet intern i Noreg. For Vestlandet gjeld dette særskild til Stor-Bergen, der fleire næringsaktørar no får nei til å etablera seg på grunn av manglande straumtilførsel.

Artikkelen fortsetter under annonsen.

I regjering jobba Frp med skatteincitament for å modernisera eksisterande vasskraftanlegg, her ligg det ein stor energireserve. Vi har også foreslått å gje løyve til skånsomme utbyggingar i tidlegare verna vassdrag der dette ikkje vil gi store negative konsekvensar. Det fullt mogleg med dagens teknologi. Ingen har støtta dette, i staden for har ein gått inn for vindkraft på land.

Frps politikk på området kan summerast opp slik;

– Ja til oppgradering og ny utbygging av vasskraft

– Nei til elektrifisering av norsk sokkel

– Nei til fleire utanlandskablar (vi stemte i mot North Connect)

– Elavgifta må fjernast for å få ned straumprisen

Om du ynskjer lav straumpris og gode vilkår for kraftkrevjande industri kan du trygt stemma Framstegspartiet. Godt val!