GRAVA ER TOM: Vi treng vi å høyre at Jesus sprengjer dødens lenkjer. At grava er tom. At han lever.

No treng vi å høyre at Jesus sigra over døden

Det er mørkt no. Bekmørkt. Difor treng vi påskedag. Kanskje kjenner vi sterkare enn på lenge at vi treng vi å høyre at Jesus sprengjer dødens lenkjer. At grava er tom. At han lever.

Kanskje såg vi endå tydelegare i år, kvifor verda treng ein frelsar. Fordi mørkret i verda kjennest så stort. Fordi vi føler oss så makteslause i møte med krig og vondskap.

Artikkelen fortsetter under annonsen.

At vondskap faktisk finst, treng vi ikkje tvile på. For kva anna er det når rakettar blir sikta inn mot togstasjonen i Kramatorsk i Ukraina, akkurat då hundrevis av menneske venta på å bli evakuerte.

Eller i Butsja, ein forstad litt nord for Kyiv, der døde menneske låg bakbundne og skotne i gatene.

Vi anar kor skjørt livet er, når vi veit at Butsja før krigen var eit område med vekst og velstand. I løpet av nokre veker er livet snudd på hovudet for dei som budde her. Før hadde dei alt dei trong. No gret dei over sine døde og står i kø for å ta imot naudhjelp.

Ho er så tynn, denne hinna av normalitet, som vi tek for gitt skal vare, men som kan breste så brått. Det veit kvinnene og barna som i all hast måtte flykte frå Ukraina. Det veit også fedrene, brørne og sønene som måtte bli att for å forsvare landet.

Over fire millionar flyktningar har kryssa grensa til nabolanda, ifølgje UNHCR. Tusenvis av familiar blir splitta utan å vite om dei får sjå kvarandre igjen. Kvar skal dette ende?

Samtidig ser vi kor avhengige vi er av kvarandre, på denne vesle kloden vår. Kor sårbart livet er i havet utanfor kysten vår, under den smeltande Grønlandsisen, i økosystema i skogane og på høgfjellet.

Kor sårbare vi menneske er når véret blir villare. Når styrtregn kostar med seg stein og jord i veldige ras som gjer heimane våre utrygge, og ekstrem varme gjer område på jorda ulevelege for menneske.

Før påske fekk vi ei ny påminning om kor det hastar, då den tredje rapporten til FNs klimapanel vart presentert.

Artikkelen fortsetter under annonsen.

Men det er ikkje blitt lettare å mobilisere for å nå klimamåla når krigen i Ukraina skaper krise på krise, slik NRK listar opp: Flyktningkrise. Eksportkrise. Energikrise. Finanskrise. Sikkerheitskrise.

Det er ikkje lett å forvalte torskebestanden i nord, dersom samarbeidet med russarane ryk.

Det er ikkje lett å mette svoltne magar i afrikanske land som nettopp no opplever ei livstrugande svoltkrise, når krigen i Ukraina skaper mangel på korn. Og når konsekvensane av Putins krig er så over veldande at verda knapt har kapasitet til å reflektere over at barn døyr av underernæring i Somalia, Etiopia og Burkina Faso.

Så mykje naud, liding og øydelegging. Så mykje som kunne vore annleis om menneskeætta hadde teke andre val.

Denne høgtida som femner både mørket og lyset, minner oss om at vi ikkje er åleine. Gud som lid med dei lidande.

Kanskje såg vi endå tydelegare i år, kvifor verda treng ein frelsar. Kanskje anar vi endå meir kor stort det er at Jesus tok all verdas synd på seg på krossen.

Påska kjem med håp. Denne høgtida som femner både mørket og lyset, minner oss om at vi ikkje er åleine. Gud lid med dei lidande. Og vi treng ikkje frykte for framtida, for Jesus har opna ein veg inn til himmelen og det evige livet for kvar den som trur.

Difor kan vi triumferande syngje første påskedag:

Deg vere ære, Herre over dødens makt, evig skal døden være Kristus underlagt.

Artikkelen fortsetter under annonsen.