Når kyrkja blir ein farleg plass

I Pakistan må dei i år gravleggje sine døde før dei kan feire Jesu fødsel.

Jula står for døra. Den neste veka vil mange av oss gå i kyrkja. Vi kjem til å sitje tett saman i kyrkjebenkane på julaftan, synge dei velkjende julesongane, lytte til preika og håpe at freden skal fylle oss.

Mange kan ha uro og bekymringar med seg når vi går inn kyrkjedøra, men vi har ei forventning om at det skal vere mogleg å legge uroa frå oss den stunda vi er der inne i kyrkjerommet.

Artikkelen fortsetter under annonsen.

At det å vere i kyrkja i seg sjølv skulle gi grunn til uro, slår oss ikkje. I kyrkja er det trygt.

Slik er det ikkje alle stader. Bombeangrepet mot ei metodistkyrkje i Quetta i Pakistan i helga var ei brutal påminning om at kyrkjegang mange stader er risikabelt. Når det står væpna vakter utanfor kyrkjeportane i land som Pakistan, Egypt og Irak, er det ei påminning til dei som går i kyrkja om at dette kan vere det siste dei gjer. Likevel går dei.

Jula står for døra. Difor var det dobbelt så mange som vanleg i metodistkyrkja i Quetta sist søndag. Den vakkert dekorerte kyrkja var full av folk. Det visste sjølvsagt IS, som har teke på seg ansvaret for angrepet.

Barna hadde nettopp hatt eit juleopptrinn framme på podiet, og folk hadde stilt seg på rekkje for å motta nattverd då dei høyrde skot utanfor og ei bombe eksploderte ved inngangsdøra. Elleve menneske vart drepne og over 50 såra. Det kunne blitt endå mykje verre, for politiet greidde å hindre terroristane frå å ta seg inn i hovudrommet, der dei fleste var samla.

Dei kristne er ein liten, sårbar minoritet i Pakistan. Berre 1,6 prosent av Pakistans 200 millionar innbyggjarar er kristne. Som mange andre religiøse minoritetar er dei ofte utsette for angrep.

Jula står for døra. I Pakistan må dei i år gravleggje sine døde før dei kan feire Jesu fødsel. Endå ein gong har dei fått erfare at kyrkjene i dette landet er særleg sårbare i dei store høgtidene.

Dette opplevde dei blant anna like før påske i 2015 då to kyrkjer i eit kristent nabolag i Lahore vart råka av sjølvmordsangrep. Og i fjor då kristne som feira påske i ein park i denne byen vart offer for endå eit sjølvmordsangrep.

Også i Egypt blir vakthaldet forsterka i høgtidene. Dei huskar angrepet mot ei koptisk kyrkje i Alexandria i 2011 med gru. Og når dei går til kyrkje denne jula, er det med vissa om at 48 menneske vart drepne i eit sjølvmordsangrep mot to koptiske kyrkjer palmesøndag i år.

Artikkelen fortsetter under annonsen.

Nigeria og Indonesia er andre land der kyrkjene har opplevd brutale bombeangrep i jula. I Iran blir kyrkjene utsette for ein annan type angrep. Der har styresmaktene ofte valt jula som tidspunkt for å spre mest mogleg frykt gjennom raid og arrestasjonar i huskyrkjene.

Jula står for døra. La oss fylle kyrkjene denne jula. Ikkje berre julaftan, men også dei andre juledagane. La oss kome saman for å feire han som både er fredsfyrste og eit barn i ei krubbe og takke for fred, fridom og at vi kan samlast i Guds hus utan frykt.

La oss samtidig be om vern for kristne brør og søstre som blir forfølgde fordi dei trur, og som er i endå meir sårbare i høgtida enn elles. Be også for forfølgjarane, slik Guds ord seier at vi skal gjere.