Når det usynlige vert synlig

Nå kan vi snakke opent om under og helbreding! Ein stor takk til Margreth Olin og hennar kjenslevare og ærlige dokumentar om Joralf Gjerstad, Småsamannen. NRK sin Ole Torp tok det også opp på ein respektfull måte i sin nye programserie.

At nokon lagar underhaldning og skepsis over temaet, er også eit eksempel på at dette opptek dei. Slike vil vi nok alltid ha, det var også Jesus utsett for. Eit under kan vanskelig dokumenterast vitskaplig, men det er fyrst og fremst ei oppleving i kropp og sjel.

Denne artikkelen er ikkje ein vitskapleg dokumentasjon, men nokre sjølverfarne opplevingar og refleksjonar relatert til det usynlege som vart synlig. Ut frå mi erfaring, er desse fenomena mest framtredane der kyrkjer slår rot.

Artikkelen fortsetter under annonsen.

I NT les vi om teikn og under som plogspiss der evangeliet skulle bryte ny jord. Dette skjedde der Paulus reiste og vart lagt merke til i nærmiljøet.

Kring tusenårsskiftet, då forfylging og kyrkjebrenning herja i Indonesia, var over 20.000 samla i bønn på stadion i Jakarta. Då såg alle at det forma seg eit kors i luftrommet over dei, som lyste også om natta. På same tid fekk eg telefon om at Jesus også synte seg fleire kveldar på veggen til eit av høghusa. Fenomenet vart også omtale i media.

Overfor slike fenomen er det for alltid avgjerande kva vitna opplever. Korleis tyder de dette, ville eg vita? Svaret kom kjapt: At Jesus ser oss!

Nokre unge kristne i eit anna asiatisk land skulle ha møte på ein avsidesliggjande stad i heimlandet. I det dei køyrde mista dei eit bilhjul, det var mørkt og inga telefon dekning. Feste-skruane var bort.

«Vi kunne berre be», fortel ei av dei fortvila. «Og faktisk, ut av mørket kom det ein bil som stansa, og i bagasjen hadde sjåføren slike spesialskruane».

«Vi undra oss, var det ein engel med bil og skruar? Det vart ei spesiell gudsteneste».

Sjølv opplevde eg og ei kollega, i det vi skulle gå på talarstolen på ei nasjonal pastorsamling i Den Dom Republikk, at ein person kom opp til oss med eit bodskap. Han hadde litt spesiell utsjånad, men bodskapen var at teltmakervisjonen var avgjerande for landet samt ei velsigning for oss sjølv.

I pausen ville vi ha ein utdjupande prat med han. Men han var ikkje å oppspore, vi leita grundig heile dagen. «Var det ein engel?» Vi konstaterte at det var ei oppmuntring.

Artikkelen fortsetter under annonsen.

Sjølv har eg fått fleire uventa sterke åndelige opplevingar vedrørande mine næraste heime. Og det medan då eg var på reise i Latin-Amerika og Afrika. Opplevingar som synte seg å vera sanne.

Kvifor fekk eg det der og ikkje heime? Svaret har eg ikkje, men eg var i eit miljø der folk som bad mykje og hadde respekt for under.

I 1999 var eg på tur med elevar frå Stavanger katedralskole i Ecuador. Ei elev fall ned ca 20 m frå Inka-ruinane. Ho var så hardt skada at legen som såg henne, berre rista på hovudet.

Bønn var det einaste eg hadde, og ho vakna mirakuløst i det eg bad. Etter det skjedde det ei rekkje uforståelege hendingar, kor også faren midt på natta heime såg i eit syn kva som skjedde.

Ho vart heilt frisk, og gjennomførte årseksamen. Hendinga er omtale i media i fleire land. Når eg vart intervjua om hendinga, har eg stilt eitt krav til journalistane: Dette toler ikkje spott!

Ein slik tankegang var også grunnmuren i Olin sin film. Dei får sjå det som skjer, og så tvila eller tru.

Sidan hendinga i Ecuador vart det ikkje berre denne gongen at underlige ting skjedde med elevar og kollegar. Ja, faktisk i mykje større grad på ein sekulær arbeidsplassen enn i kristen samanheng.

Kvifor skjer det midt i kvardagen? Sjølv meinar eg det må ha noko å gjera med at eg trur på ein Guds innvigd kvardag, på arbeidsplassen. Eg var veldig påpasselig med å fylgja forskriftene om at forkynning ikkje har nokon plass i offentlig undervisning.

Artikkelen fortsetter under annonsen.

Ja, eg vågar å tolke det slik at Gud sjølv fortel kven Han er og kvar Han gjer! Hendingane har alltid vært svar på det elevane har streva med, angåande helsa eller i tankar. Svært ofte når eg fortel dette i kristne samanhengar, kjem spørsmålet: «Var dei kristne?» I dei fleste tilfella må eg svare: «Dei var elska av Gud.»

Kva har eg sjølv lært? Det same som dei i Indonesia: At Jesus lever. Han kopierar aldri, det som skjer er alltid uventa. Og Han er ikkje avhengig av at vi er på Heilage stader. Samt at Han «ber» om å få bruke meg.

Noreg er nå så avkristna at Jesus og Den Heilage Ande har gode arbeidsvilkår når det gjeld å gjera det usynlige synlig. Eg veit om fleire som har med desse spesielle gåvene, som opplever at det er tungt å bæra dei åleine.

Vonar tida er inne til å skape nye miljø for framvekst også i lokalmenigheter!