Motløysa

Den er ikkje av Gud, Han er alle gode gåvers gjevar, og motløysa er ikkje god.

Motløysa er for mange ikkje noko framandt, heller velkjent. Snikande kjem den og tek det ein måtte ha av krefter og mot. Denne ånd, for det er det. Den er ikkje av Gud, Han er alle gode gåvers gjevar, og motløysa er ikkje god.

Ikkje har den erobringstrongen i seg, ikkje kampvilje. Vanskane er den klårsynt på, men ikkje utfordringane. Talsmenn/-kvinner for denne er mange.

Artikkelen fortsetter under annonsen.

Tolv speidarar vart sende inn i det lova land for å utspeida det. Blinde var dei ikkje, såg det same alle tolv. Ti av dei såg vanskane, problema. Berre to såg Herrens gjerning. 4. Mos. 14.8.

Motløysa og hovmodet er mykje i slekt, kan hende tvillingar. Begge er opptekne med meg og mitt, mi dugeleghet eller udugeleghet. Mi æra og ros, eller vannæra er vesentleg.

Det er ikkje motløysa som har gjeve sigrar og framgong for Guds rike, men kampen mot den.

Nokre ser berre forfall og fråfall, ja mørket. Andre ser i kvar ei sjel ei sjel som Jesus har sona for som ei sjel som må vinnast for himmelen. Mykje mørkt er her, men det var bekmørkt før Herren tala og sa bli lys, og det vart lys.

Hjartene er harde, ja, men Guds Ord er kvast og gjennom trengjande, ja levande og skaper liv. Redd er difor djevelen for forkynning av Guds Ord. Han set inn andre ting i staden for Ordet. Han fortel at det nyttar ikkje med møter.

Trua på Guds ord byttar han ut med tru på opplegg, metodar. Mismot sår han i høve til Guds Ord. Redd er han for Andens sverd.

Samling om Guds ord i heimen, husandakten, den fortel lygnaren og far til lygna, nei, den er nyttelaus. Likeeins enkle samlingar om Guds Ord.

Å lesa Guds Ord for seg sjølv nyttar ikkje når ein er så kald og daud, ja likesæl. Fyrst må ein bli meir åndeleg. Det er eit mirakel kor åndeleg han til sine tider kan framstå i argumentasjon.

Artikkelen fortsetter under annonsen.

All slag knep brukar han som gir ei ånd som verkar mismot, for å halda Guds ord på avstand.

Ved å rosa ein forkynnar ovanfor ein annan kan dette fortelja: Du er ikkje brukande. Kven var det som let pundet liggja ubrukt. Det var han som fekk det eine pundet.

Tenkte han at det eg har fått er så lite. 2 Tim 1,7 For Gud gav oss ikkje ei ånd somverkar motløyse, men ei somverkar kraft og kjærleik og visdom.

Guds ånd har motsett verknad av den ånd som ikkje er av Gud.

Gud vil at alle skal bli frelst. Difor søkjer Han å frelsa. Leitar etter dei villfarne. Djevelen vil ikkje vera i fortapinga åleine. Han fortel at dei han har fanga kan ikkje frelsast. Lygnar er han og vil alltid vera.