KVARDAG: Bruk tid på fantasi og kreative løysingar på politiske kvardagsspørsmål i den ytterste sirkelen. Det var aktualiteten her – til dømes kontantstøtta – som sist gav partiet framgang.

Moment til kristen politisk profil

Den kristne kulturarven og kristendommen si 
sivilisatoriske betydning gjev god ballast for 
våre samfunnsutfordringar. Det gjev respekt og 
toleranse for livssyn, religion og trua sin plass i det 
offentlege rom.

KrF treng ikkjeny ideologi, men kreative framtidsretta politiske svar. – Ingen skal dømast for partipolitiske val. Også kristne kan koma til ulike konklusjonar. Det utelukkar ikkje å etterprøva kvarandre sine vurderingar.

Eg har formulert ein modell som eg finn tenleg for mine verdipolitiske resonnement. Denne modellen – dei tre verdisirklane – tek omsyn til at vi lever i to regimenter – det verdslege og det åndelege – og at begge regimenta tilhøyrer Gud. Sjå Luk.20:25.

Artikkelen fortsetter under annonsen.

Den ytterste sirkelen omfattar dei «allmenne spørsmåla». Kvar skal skulegrensene gå? Kvar skal vegtraseen liggja – eller kva trasé bør bybanen i Bergen ha? Det finst ikkje kristne svar på slike spørsmål. Kort sagt – det finst ingen «kristen smørpris», som vi siterer etter prof. Carl Fr. Wisløff. Men det forhindrar ikkje at kristne må vurdera etiske moment i sine premisser også i denne sirkelen.

Den mellomste sirkelen har kristne sosialetiske verdispørsmål. Korleis skal vi fordela godene? Korleis kan vi hjelpa dei fattige? Korleis skal vi ta vare på skaparverket, er alle døme på spørsmål som kristne må reisa. Men det er viktig å respektera ulike politiske løysingar for å gje beste svar. Det gjeld i politikken, men det er ikkje mindre viktig i forkynninga. Sann kristen forkynning er nemleg adressert til samvitet. Samvitet kan aldri bindast til mine politiske løysingar i spørsmåla i denne andre sirkelen. Sokneprest og politikar for Dei Grøne Tom Sverre Tomren har nyleg utfordra på forvaltartanken i Bibelen. Det er positivt at han reiser problematikken. Han kan støttast og motseiast på konklusjonane både i teologien og i politikken.

Den innerste sirkelen omhandlar dei heilt fundamentale kristne verdispørsmåla.Det kan vera usemje om kvar konkrete tema høyrer heime – særleg i fordelinga mellom dei to siste sirklane. Teologisk pluralisme skaper utfordringar om vil samla på Bibelens grunn. Men ein «innerste sirkel» kan ikkje fornektast. Med forankring i Bibelen vil eg hevda at det to-kjønna ekteskapet, vern om livet frå det er avla i mors liv til naturleg død, er mellom dei fundamentale samfunnsspørsmåla i denne innerste sirkelen. Livet har forkjørsrett. Ekteskapet er og blir «grunncella», sjølv om politikken må løysa utfordringar for ulike familiekonstellasjonar.

Denne politiske modellen kan vera aktuell for kristne uansett partipolitiske val. Det har å gjera med total oppsummering og vekting av dei ulike tema og konklusjonar, kva parti ein til sist vel. Kristne kan vektlegga «det sosiale samvitet» og kollektive løysingar på ein slik måte at venstresida er mest naturleg. Andre kan vektlegga individet og den enkelte sin fridom som høgresida.

Eit eige kristent parti treng ettertanke og grunngjeving for sin eksistens. Sjølvsagt kan kristne danna parti og engasjera seg for støtte til tema i alle sirklane. Konklusjonar i dei to første sirklane kan aldri gje det einaste kristne svaret! For Kristeleg Folkeparti med si historie og målsetjing som folkeparti, krevst det ekstra grunngjeving. Partiet har stått for det som Kjell Magne Bondevik med rette kallar «den tredje veg» – den moralsk etiske – inn til politikken.

Eit politisk parti – som ein kvar organisasjon – må leva i kombinasjonen av og spenninga mellom røter og fornying. Det har i det siste vore underleg å lesa mediekommentatorar og høyra politikarar som hevdar at KrF må kvitta seg med dei eldre og deira verdikonservative standpunkt og tilpassa seg nye grupper for å veksa. Vel, ein avskoren blom kan vera fin – ei viss tid. Men døden ventar! Å saga av greina ein sit på, er inga suksessoppskrift.

Den tredje innfallsvinkelen kan utfordra alle om ein er i sentrum eller hallar til den eine eller andre sida. Då må ein finna inkluderande løysing i sentrum. Å svekka den tredje innfallsvinkelen vil også svekka oppslutnaden. Det gjev potensielle støttespelarar ro for å gå til eller forbli i sine respektive sympatiparti både til høgre og venstre. Det er den tredje verdiprofilen som gjev partiet eksistensrett. Eit «vanleg» reindyrka «kristeleg» sentrumsparti utan den tredje innfallsvinkelens utfordring vil aldri bli noko anna enn eit lite serparti.

Den kristne kulturarven og kristendommen si sivilisatoriske betydning gjev god ballast for våre samfunnsutfordringar. Det gjev respekt og toleranse for livssyn, religion og trua sin plass i det offentlege rom. Det undrar meg at det ikkje er større engasjement for religions- og trusfridom. Religionsfridommens viktigaste kjenneteikn er samfunnet sitt vern om trusskifte. Her treng vi særleg utfordra fleire islamske miljø i vår tid. Det er skremmande å sjå korleis land med sterk islam og ekstrem islamistisk ideologi kan opptre. Verdikonservativ kristen teologi gjev viktige etiske premisser, men postulerer ikkje politiske løysingar. «Sverdet må ikkje brukast mot teologiske avvik!» Politisk fundamentalisme kan aldri forsvarast!

Artikkelen fortsetter under annonsen.

Fleire mørke skyer skremmer i det siste her heime. Ikkje få synest å vera forankra i sekularismens totalitære ideologi: Kampen mot samvitsrespekten i helsevesenet viser ein totalitær tendens både til høgre og venstre. Tiggarforbodet krenkar også menneskeverdet, spør du meg.

Min resept for KrF vil då vera denne: Ha ro om tema i den innerste sirkelen. Det er ikkje dei fundamentale svara her som hindrar vekst. Å ta bort eller omforma den innerste sirkelen er inga oppskrift til suksess. Krangling om dei fundamentale tema hjelper berre motstandarane til å halda partiet nede og skapa falske inntrykk. Skap heller engasjement for dei store spørsmåla i den mellomste sirkelen. I ei tid med individualisme og egosentrisk tankegods, treng vi reisa dei store sosialetiske spørsmåla og peika på konstruktive og fagleg baserte løysingar både nasjonalt og globalt. Og ikkje minst: Bruk tid på fantasi og kreative løysingar på politiske kvardagsspørsmål i den ytterste sirkelen. Det var aktualiteten her – til dømes kontantstøtta – som sist gav partiet framgang. På godt og vondt er det partia sine svar på folks kvardagsutfordringar som gjev oppslutnad. Til det trengst politikarar med fagleg tyngde som autoritet!

Den største utfordringa i vår tid synest elles å vera kampen om menneskesynet og det enkelte menneske sin uendelege verdi. Det var dette menneskesynet som blei krenka i reservasjonsdebatten av sekularismens intoleranse. Det er dette menneskesynet det står om i abortkampen, kampen om bioteknologien og dei mange verdispørsmåla i samfunnet i dag. Menneskeverdet i sentrum er ein god politisk verdiprofil til alle tider!