MISJON: – Ein kunne ikkje rapportera om store resultat, men etter 14 år kom altså gledesmeldinga. Den fyrste zulu er døypt! Etter kvart som gledesbodet spreidde seg, tok folk fri frå arbeidet på åkrane og gledde seg over det som hadde skjedd, skriv Olav Vestbøstad.

Misjon minutt for minutt

Norsk misjon har generelt stor tillit rundt i verda. Ein av grunnane er at ein frå starten har vore villig til langsiktig tenking.

Når utlendingar skal skildre merkelege fenomen i Norge, kjem gjerne sakte-tv med på lista. Trenden som starta med Bergensbanen minutt for minutt i 2009 har sidan tatt oss med både gjennom Bergen med bybanen, langs kysten med Hurtigruta og gjennom salmeboka minutt for minutt. I ei verd der ting er prega av raske skifte har sakte-tv funne ei nisje. Nordmenn finn seg tydelegvis til rette med at ting tar tid.

I år er det 160 år sidan den fyrste afrikanaren vart døypt etter at Hans Paludan Smith Schreuder hadde arbeidd blant zulu-folket i 14 år. Gjennom mange år hadde han og hans medmisjonærar gjort si teneste, støtta opp av eit norsk misjonsfolk som ofra og bad for utsendingar og misjonsarbeid.

Artikkelen fortsetter under annonsen.

Ein kunne ikkje rapportera om store resultat, men etter 14 år kom altså gledesmeldinga. Den fyrste zulu er døypt! Etter kvart som gledesbodet spreidde seg, tok folk fri frå arbeidet på åkrane og gledde seg over det som hadde skjedd. Magnus Brostrup Landstad vart inspirert til å skriva salmen Oppløft ditt syn, du kristensjel der han jublar over at «den gode sæd har båret frukt i fjerne verdens egne.»

For personar som var vakse opp med gardsdrift var ein vant til å tenkja i lange linjer. Dei som dreiv med skog kunne ikkje rekna med å henta ut trevirke i løpet av kort tid. Som oftast var det nye drivarar i skogen når den skulle hoggast.

Norsk misjon har heilt frå Schreuder si tid hatt ord på seg for å ha langtidsperspektiv. Norsk misjonshistorie er full av døme på misjonærar som har hatt mange tiår bak seg på felt. Nokre av dei finst enno, sjølv om det er ein tydeleg trend at snittida på felt har blitt kortare dei siste åra.

Det er nokre store fordeler med langtidsteneste. Det gir ei betydeleg betre forståing for lokalt språk og kultur. Ein får over tid bygd opp gode relasjonar med folket lokalt. Det gjer at ein kan vere ein medvandrar over tid. Nokre misjonærar kan med glede fortelja at dei har fylgd tre generasjonar sin veg til tru og teneste.

Det hender at det er folk som er klar til å bli døypt etter kort tid, men oftare er det nok slik at det er ein relativt lang prosess frå ein fyrste gong kjem i kontakt med evangeliet til ein er klar for å ta det store steget og bli døypt. Etter dåpen er det også viktig med god oppfylging.

Det er mange døme på personar som ynskjer å bli kristne, men som etter kort tid opplever vanskar på grunn av konverteringa si. Det kan vere dødstruslar eller andre former for fysisk eller psykisk motstand. I slike situasjonar er det viktig med oppfylging. Det er fleire døme på at sjølv der mest alle andre har gitt seg, har norske utsendingar framleis fotfeste og støttar lokale kristne.

I dag er det store vekkingsbylgjer i fleire deler av verda. Frå Asia, Afrika og Sør-Amerika høyrer me om eksplosiv vokster i talet på kristne. Nye kyrkjer vert planta. Mange pastorar og leiarar har iver og engasjement, men altfor mange manglar kompetanse.

Joshuaproject.net antydar at 95 prosent av alle pastorar i verda manglar formell pastorutdanning, og minst to millionar pastorar i Asia, Afrika og Sør-Amerika har mangelfull utdanning og står nærmast utan tilsyn. Opplæring og oppfylging av lokale pastorar og kristenleiarar er ein arena der vestleg misjon framleis har mykje å bidra med.

Artikkelen fortsetter under annonsen.

I dag er talet på vestlege misjonærar fallande, medan det blir stadig fleire frå det globale sør. Det er viktig at vestleg og norsk misjon heiar desse fram. Den beste måten me kan gjere det på er ved å dele av den erfaring norsk misjon har bygd opp i over 175 år. Det er ikkje nødvendig at dei ferske misjonærane gjer alle feil på nytt.

Opplæring, modning og oppfylging tar tid og det tar også tid å byggja tillit. Ordet tillit er eit palindrom, dvs. eit ord som blir likt om du les det frå høgre eller venstre. Det er stor symbolverdi i det. Tillit må gå begge vegar.

Norsk misjon har generelt stor tillit rundt i verda. Ein av grunnane er at ein frå starten har vore villig til langsiktig tenking. Ein har ikkje gitt seg om ein møtte motstand. Denne viljen til langsiktig tenking er eitt av dei viktigaste bidraga norsk misjon har inn i dagens misjonsverd.

Les også
Misjonsmakt til flere
Les også
Et jubileum det er god grunn til å feire
Les også
Tjenestedeling i NLM
Les også
Frimodige kvinner
Les også
En utfordring til Norsk Luthersk Misjonssamband