VITNEMÅL: Tagnar vitnemåla i forkynnelsen, på vitnemøta då taper me mykje, skriv Gudleik Himle. Bileteter frå Kleppe bedehus på Askøy.

Minnes du vitnemøta?

For ein rikdom som har blitt meg til del, å få høyra mange vitnemål frå medvandrarar på himmelvegen. Erfaringar frå livet med Gud, vitne om kampar som har blitt kjempa, om mørke så mørkt at dei såg ingen utveg, men … Der i mørket erfara dei, Herren var der og gav dei skattar. Dei fekk hjelp, og denne vitna dei om.

Vitnemøta kunne vera reine skattkammeret. Her vart gjeve sjelesorg ut frå erfaring.

Artikkelen fortsetter under annonsen.

Som ung kristen gjekk eg og trudde der var ingen som hadde det som meg. Når då ein gamal vitna om korleis han hadde det, og korleis han fekk hjelp, då kunne det lysna for ungdommen. Heilag Anden var der og ikkje berre bar ordet, vitnemålet til øyra, men inn i hjarta og samvit. Det som hadde gripe, varma, utfria vitnet, det greip tilhøyraren og. Godt er det, når du merka på forkynnaren at det som vart frambore hadde han personleg erfaring av, hadde teke tak i han. Ikkje at han sa det, men du merka det.

Ein nå avdød forkynnar fortalde: Den teologi eg har, den fekk eg på vitnemøte, og ikkje minst på småmøta der me ikkje hadde talar. Denne karen var også ein person som las mykje, og trengt inn i Guds ord.

Me reiste på mannsmøte, når me i ettertid møttest var det ikkje sjeldan det lydde. «Minnes du vitnemøte?»

Du kjenner deg att i vitnemåla, nemleg. Kor mange har ikkje funne hjelp, trøyst i Salmane. Du kjenner deg att. Dei er jo vitnemål. Her kamp, strid, om kor det heldt på å gå gale, og kor Herren handlar og behandlar.

Det er forskjell på vitnemål og «minipreiker». Mange vitnemål var korte, men du merka erfaringa.

Er gift og kan vitna om kva ekteskap er, ikkje ut frå teori, men ut frå erfaring. Veit kva det er å vera sjøsjuk og kor godt det er å koma på land. Erfaringa av det er både verre og betre enn ein kan lesa og høyra om det.

Den som lever med Gud, lever i eit samfunn, eit samfunn der ein lærer Han meir og meir å kjenna. Lærer, veks i nåde og kjennskap. Vert meir og meir avhengig av nåden. Veks inn i nådeavhengigheit.

Vitnemøta er utveksling av nådeerfaringar. Korleis Herren har forundra ein gong etter gong.

Artikkelen fortsetter under annonsen.

Tagnar vitnemåla i forkynnelsen, på vitnemøta då taper me mykje. Kva har ikkje mellom anna vitnemålet Paulus avlegg: 2 Kor 12,9 Men han sa til meg: Min nåde er nok åt deg, for mi kraft vert fullenda i veikskap. Difor vil eg helst rosa meg av veikskapen min, så Kristi kraft kan bu i meg.

Dette erfara han då tornen stakk og Satans engelen slo.