Minneord

Trygdesjef Ole Bernhard Sørbøe har gått heim til Gud. Han vart 83 år gamal. Han kom frå Kragerø, men budde det meste av sitt liv i Fredrikstad. Saman med si kjære kone, Solveig, fekk dei her etablere ein god og trygg heim, som alltid stod open for slekt og venner. Han fekk sitt arbeid innan trygdeetaten, og alt som 30-åring vart han tilsett som trygdesjef i Borge Trygdekontor.

Som kristen fekk han sin heim i Frikyrkja, og var i fleire år med i eldsterådet her. Men etter kvart opplevde han at hans åndelege heim ikkje tok nok vare på viktige sider ved Guds Ord, nemleg det profetiske Ord, og Israels legitime rettar til eige land ut frå Skrifta og nasjonalretten. Etter ei tid søkte han derfor kontakt med organisasjonen Karmel.

Artikkelen fortsetter under annonsen.

Saman med sin venn, Thor Evje, vart dei begge tildelt viktige leiaroppgåver i Karmel. Etter ei tid opplevde dei at organiseringa og andre sider ved arbeidet ikkje oppfylte den målsettinga dei ville stå for. Dei tok derfor kontakt med organisasjonen Ordet og Israel i Danmark og fekk deira hjelp og støtte til å etablere eit slik tiltak også i Noreg.

Den 23. september 1978 vart så Ordet og Israel skipa i Misjonsaulaen i Oslo. Dei stod då stort sett utan medlemar, men etter kvart vakna interessa mellom kristne for målsettinga og profileringa av Ordet og Israel. I den første tida skjedde dette mest på Austlandet.

Den største oppgåva for den nye etableringa fall på Ole Bernhard. I Wikipedia ber han tittelen «Informasjonskonsulent», men i praksis vart han dagleg leiar i Ordet og Israel. Kan vi tenkje oss kva som måtte takast vare på hos Ole Bernhard? Trygdesjef på dagtid og organisering, informasjon og etter kvart redaktør av bladet på si fritid.

Det vart nok lite fritid! Det kan også nemnast at han også tok med ei kurs i hebraisk i bladet. Ole Bernhard viste stor interesse og engasjement for dette tverrkyrkjelege tiltaket i norsk kristenliv.

Personleg møtte eg Ole Bernhard første gong i 1988. Vi var då begge med i Felleskomiteen for Israel (FKI) Etter eit styremøte køyrde han meg tilbake til Stortinget. Då eg steig ut av bilen spurde han meg: «Kjell, kan du tenkje deg å bli med i styret for Ordet og Israel?»

Han fekk eit positivt svar, og hermed vart det opne for eit langt og godt samarbeid mellom oss i mange år. Ole Bernhard engasjerte seg ikkje så mykje personleg i forkynninga, men han var kontaktskapande, venleg og engasjert. Folk fekk tillit og arbeidet vaks.

I dag har Ordet og Israel kontaktpersonar og medlemar over det ganske land. Ole Bernhard fekk mellom anna med ei formulering i vedtektene for Ordet og Israel slik: «Den kristne menighet må få Bibelens syn på Israel, og det jødiske folk Bibelens syn på Jesus Messias.» Dette er ei målsetting som er meir aktuell enn nokon gong før.

Vi takkar Gud for Ole Bernhard Sørbøe sitt arbeid og engasjement i norsk kristenliv, og lyser Guds fred over hans gode minne.