Johannes Kleppa skriver spalten «Innspill» I dagen hver uke. Foto: Magnar Børnes

MF og andre kristne høgskular

Det som gjer situasjonen ved MF dramatisk, er at situasjonen der kan få svært negative konsekvensar for andre kristne høgskular.

Det som har kome fram omMenighetsfakultetet (MF) dei siste dagane, er både tragisk og dramatisk.

Det ertragisk at situasjonen har vorte som han no er ved den teologiske institusjonen som for over hundre år sidan var starta som ein motpol til den liberale teologien og til utdanning av bibeltru prestar.

Artikkelen fortsetter under annonsen.

Det som gjer situasjonen ved MFdramatisk, er at situasjonen der kan få svært negative konsekvensar for andre kristne høgskular. Dette ligg særlegi måten MF-rektoren forklarer og forsvarer dagens situasjon ved MF på. Han gjer den pluralistiske læresituasjonen der nesten til eit ideal, og til noko som ligg i ein vitenskapleg høgskule sin karakter. Dette gjer han ut frå den akademiske fridomen.

Dersom det er slik at det ikkje er mogleg å styra ein kristen institusjon teologisk, men at det er den akademiske fridomen som styrer den teologiske utviklinga, er det prinsipielt umogleg å driva kristne høgskular på ein definert basis, altså driva konfesjonelle og bibeltru høgskular.

Den vitskaplege og akademiske tenkinga som no råder på MF, vil med det få langt større konsekvensar enn det som ligg i sjølve teologien ved fakultet, konkretisert til spørsmålet om homofilt samliv.

Akademisk og vitskapleg sett er MF den fremste frie kristne institusjonen vi har i landet vårt. Det som skjer her, vil difor ha både signal- og omoseeffekt med tanke på andre kristne høgskular – så sant ein ikkje medvite og sterkt målbær ei anna tenking om kristne høgskular enn det MF-rektoren no har gjort.

Generelt synest eg dei som har uttalt seg om situasjonen, har vore for veike på det prinsipielle planet, kanskje i frykt for ikkje å vert rekna som vitskapleg seriøse og kanskje i frykt for å koma på kollisjonskurs med den rådande høgskuletenkinga i samfunn med tanke på godkjenningar og økonomi.

Heldigvis var NLA-rektor Bjarne Kvam tydeleg.

Det vil vera ei kristen-ideologisk fallitterklæring om ein anten godtek den tenkinga om akademisk fridom som no råder ved MF, med den liberaliseringa som ligg i det, eller ein frå bibeltru hald må oppgje sine kristne høgskular.

Vi må kjempa ein hard kamp for å unngå dette, men då må særleg høgskulane sjølve kjempa kampen, og ikkje driva taktisk spel eller uttala som på måtar som ikkje provoserer i det rådande akademiske miljøet eller i den rådande politiske tenkinga. Er ein unnfallande her, vil ein med naturlovs kraft koma i same posisjonen som MF ideologisk sett, og då vil ein enda der teologisk også.

Artikkelen fortsetter under annonsen.

Skal ein makta denne kampen, slik at vår kristne institusjonar kan arbeida på eit definert teologisk grunnlag som er forpliktande for dei tilsette, må ein kombinera den akademiske fridomen med institusjonsfridomen. For nokre år sidan vart det laga ei offentleg utgreiing som viste at dette er mogleg, slik historia også viser dette. Denne utgreiing bør hentast fram og brukast aktivt.