LIVSMÅL: Her peikar me på «me-time», ikkje som ein god ferieplan, men som livsmål, skriv Jan Helge Aarseth.

«Me-time»

Mykje har endra seg i samfunn og kyrkjeliv, men nokre tankesett er meir seigliva enn andre. Og her pirkar me i eit av dei seigaste: Det fastgrodde fokuset på mitt og meg sjølv.

Det heimlege målet vårt strekk nokre gongar ikkje heilt til når livet sine ulike krumspring skal skildrast. Og her finn me eitt eksempel på det. Andre får sagt det betre, lik den engelsktalande verda.

Artikkelen fortsetter under annonsen.

Her finn me uttrykket «me-time» – «meg-tid». Det vert ofte sagt med eit lite smil om munnen, men uttrykkjer trongen vår til å kople av og setje fokus på oss sjølve. Setje førsteprioritet på «livets SPA», og det som gjer at me med godt samvit kan kutte omverda og andre ikring oss ut. Velvære og livsnyting er i denne samanhengen plussord.

No kan dette høyrest ut som ei god målsetting for ein vellukka ferie, men her siktar me på noko anna. Me treng alle god avkopling, og alt som gjev oss glede og ny energi. Me treng alle påfyll og avbrekk frå stress og kav. Men her peikar me på «me-time», ikkje som ein god ferieplan, men som livsmål.

Kva skjer når det er meg sjølv og mine behov som klatrar opp som sak nr. 1 på livsagendaen? Og for ein kristen – kva er konsekvensen når kjærleiken til Gud og nesten ligg lenger nede på denne lista?

I Podcasten «Tabletalks» høyrde eg nyleg eit sitat frå den gamle misjonsleiaren Johannes Brandtzæg. Han set ord på konsekvensen av ei slik haldning:

«Når det blir om å gjere for deg å nyte, når du heller vil tjenes enn å tene, når du ventar mykje av de andre, og krev lite av deg sjølv – da er du som kristen på ein svært farleg veg. Kven kan da gjere deg til lags? Da vil du finne lite å takke for, og mykje å kritisere…»

Kravmentaliteten manglar magemål, og vert aldri mett.

Frukta av eit sjølvsentrert sinn, er mangel på takksemd. Kravmentaliteten manglar magemål, og vert aldri mett. Mykje skal ha meir. Ein nasjon som set «me-time» øvst på agendaen, vert kald og likesæl med all liding og naud, og alle dei som treng ei varm og inkluderande hand for å leva.

Når «me-time» snik seg inn i kyrkjerom og kristenhjarta, vert eg og mitt viktigare enn å samlast med dei andre, og det å dela med dei som aldri har fått høyra eller møtt ei krossmerkt hand.

Og her peikar Brandtzæg på kva eit sjølvsentrert kristenliv til slutt ender opp med.

Artikkelen fortsetter under annonsen.

« … da vil til sist Gud sjølv og hans nåde bli for mager kost for all din fordringsfulle ånd. Da må du ha noko ekstra om du skal sjå det som stort å vere ein kristen.»

Er det no ikkje snart tid for ein revisjon, der ein sjølv tek eit steg ned, og løftar opp det som vart forsømt – Gud og medmenneske?