HASTAR: Mange menneske har vorte drivne frå heimane sine og har dermed ikkje noko avling i vente. Kirkens Nødhjelp meiner det hastar å få inn hjelp til ofra i Aust-Afrika.

– Me må handla no for å avverga katastrofe

Snart to veker etter at Kirkens Nødhjelp starta si katastrofeinnsamling til Aust-Afrika har dei berre fått inn 100.000 kroner. – Me må handla no, ellers kan den humanitære krisa forverra seg, seier aksjonsleiar Liv Hukset Wang.

– Det er fint viss de kan skriva det slik at folk får lyst til å hjelpa, seier Liv Hukset Wang til DagenMagazinet. Det tek til å hasta. No set hjelpeorganisasjonen si lit til avisene om å skapa merksemd rundt matvarekrisa i Aust-Afrika. Åtte millionar menneske er truga av hungersnaud.



Sloss over beitemarker

Kirsten Engebak, som er Kirkens Nødhjelp sin representant i Somalia og Kenya, seier at utsiktene for aust-afrikanarane er svært dårlege. Engebak er stasjonert i Nairobi, Kenya, og fortel om stadige henvendelsar frå familiar som har vorte drivne frå heimane sine, og dermed ikkje har noko avling i vente.

– Her i Kenya er turke og vannmangel noko av det verste, og Kirkens Nødhjelp sin brønnboringsrigg lenger nord i landet går no for fullt, seier Engebak over telefon. Afrol News meldte tysdag om at 30 menneske var drepne i nordvest-Kenya etter samanstøyt mellom ulike jordbrukarar over dei små gjenverande beitemarkene og vassressursane.



Hjelpearbeidarar drepne

– Somalia er endå hardare ramma. Landet importerer mellom 60 og 80 prosent av maten, og med sterkt aukande matvareprisar er krisa snart eit faktum. I tillegg er sikkerheitssituasjonen i Somalia den verste på 17 år, og fleire hjelpearbeidarar har vorte drepne i det siste. Dette gjer det endå vanskelegare å koma inn med mat, seier Engebak, som er glad for at Kirkens Nødhjelp i alle fall foreløpig greier å halda arbeidet gåande.



Dødsfall

– Er det rapportert om dødsfall som fylgje av matmangelen?

– Så langt trur eg det har vorte unngått, men det me har fått høyra er at mange er underernærte. Unicef rapporterte nyleg at 25.000 somaliske born er underernærte, seier Engebak.

Den somaliske avisa Mareeg har meldt om at ti born så langt har døydd av tørst og svolt i sentral-Somalia. Familiane til borna var tvungne til å flykta frå heimane sine etter skotveksling i landsbyen.


DM