Mange nye kristne

Det var oppmuntrande å lesa i Dagen 19.okt. ein artikkel av Stig Magne Heitmann om vekkinga i muslimske land. Det er ikkje tale om ti og hundre, men meir om millionar som kjem til tru, det han kallar eisodus-inngang.

Les også
Derfor ser du ikke at millioner blir kristne

Det kan stå som ei motsetning til at mange forlet kristentrua i Vesten, også i Noreg. Me har lov å gleda oss over dei mange som kjem til tru i andre land. Men det skapar også eit sår. Store ungdomsflokkar og ein del vaksne forlet Jesus i kristne land.

Artikkelen fortsetter under annonsen.

Vekkinga ute kjem ikkje berre ved misjon frå Vesten. Ho kjem som svar på bøn. Og bøn er ikkje berre ord, det er også sjelenaud og kamp. Det er smerte og tru til Gud. Måtte desse store tala i andre land kalla og vekkja oss til kamp på kne! For Gud er den same –både i tid og stad. Det han gjer i Afrika og Asia kan han gjera her. Han er allmektig.