Marit Hårklau Ådnanes er dagleg leiar i Indremisjonssamskipnaden (IMS). Foto: Dagen-arkiv

Lunken eller ivrig?

Den seinare tida har eg lese i Apostelgjerningane, og stadig blitt forundra over kor standhaftig og ivrig Paulus og medarbeidarane var i tenesta.

Alt høyrest så lett ut når eg les, men dei må vel også ha vore redde og kjent på menneskefrykt?

Etter at dei skjøna at både heidningane og jødane med styresmennene hadde tenkt å mishandla dei og steina dei, rømde dei til neste by og forkynte evangeliet der. Korleis går det an?

Artikkelen fortsetter under annonsen.

Så gav også bodskapen dei kom med respons. Somme plassar vart det harde ordskifte og splid. Folket i byen delte seg, nokre haldt med jødane, medan andre haldt med apostlane.

I Lystra vart Paulus steina, men overlevde. Mange kom til tru der dei forkynte. Den Heilage Ande var med og leia. Ordet breidde seg og fekk stor framgang ved Herrens makt. Forsamlingane vart styrkte i trua og auka i tal dag for dag.

Eg les med skrekkblanda fryd. Det høyrest fantastisk, og også veldig farleg ut. Så går tankane til mi eiga tid, og arbeidet eg får vera ein del av. Alt det flotte arbeidet rundt om i forsamlingane og lagsarbeidet.

Korleis opplever me responsen på forkynninga her? Opplever me vekst? Vert nye lagt til? Det er ikkje ofte me opplever forkynning som fører til at folk er for eller imot. Og kanskje er det ikkje det me ynskjer heller?

Gjennom undervisning dei siste dagane, har eg reflektert ekstra over korleis og kva me forkynner. Og kva tenkjer me om andre som har eit litt anna trusliv enn meg sjølv?

Dessverre har ein del menneske fått «brannskadar». Det kristne miljøet dei vaks opp i, og trua vart ein belastning og ein prestasjon som gjekk på helsa laus.

Eg stiller meg spørsmålet; korleis kan me bli inspirert av frimotet til Paulus, samtidig som me også har eit sunt åndeleg miljø?

I Naturleg menighetsutvikling snakkar ein om radikal balanse. Spenninga er ikkje nødvendigvis mellom radikal og balansert, men mellom radikal og nominell.

Artikkelen fortsetter under annonsen.

Ein nominell kristen reknar seg sjølv som ein kristen, men trua har minimal verknad på livet. Ein radikal kristen derimot har ei tru som er verdt å døy for. Så har me dessutan motsetninga mellom balansert og ubalansert.

Ei ubalansert tru ser sin eigen refleksjon av den treeinige Gud, til dømes med stort fokus på Den Heilage Ande, som den einaste rette, og vurderer lett andres kristne tradisjonar som mindreverdig eller feil.

Folk med balansert tru møter andre kristne tradisjonar og gudsuttrykk med respekt, saman med iver etter å læra av andre. Mon tru korleis eg og samanhengen eg står i vert oppfatta her?

Kanskje tenkjer me at me må bli mindre åndeleg for å bli meir balansert?

Nei, slett ikkje. Radikal balanse betyr at eg kan fortsetja å vera radikalt Kristussentrert, som me ofte er i bedehussamanheng, samtidig som eg kan vera radikalt opptatt av Den Heilage Ande og radikalt opptatt av Guds skaparverk.

Lukke til på denne spennande reisa! Gud har mykje Han enno vil visa oss av kven Han er og kva han vil gi oss.