- Lindboe, kven er du ombod for?

For meg vert du ein motstandar mot at barna skal læra det som eg som forelder ser på som det aller viktigaste dei kan få med seg i livet.

Les at at barneombodet vil ha slutt på skulegudstenester og anna religionsutøving i skulesamanheng.

Då har eg eit spørsmål. Kven er du ombod for?

Artikkelen fortsetter under annonsen.

I denne saka representerer du eit mindretal i Noreg. Men det er ei sterk gruppe som veit å hevda sine meiningar og nytta maktapparatet til å få gjennomslag for sine syn.

Islamsk råd stør deg ikkje.

Då sit du att med humanetikarane som hovudgruppe som gjer alt dei kan for å fjerna kristendomen i Noreg.

Men kva med oss som ynskjer at borna våre skal få gå på skulegudstenester og læra mest mogeleg om den kristne trua? Er du ikkje ombod for våre barn?

I denne saka har du tatt side og det ser eg som veldig uheldig og eit misbruk av stillinga di.

Fleirtalet av det norske folk har bore barna sine til dåpen i den norske kyrkja og lova å oppseda dei i den kristne forsakinga og trua. Korleis kan du forsvara å ta eit slikt standpunkt i denne saka som du gjer?

For meg vert du ein motstandar mot at barna skal læra det som eg som forelder ser på som det aller viktigaste dei kan få med seg i livet.

Du skuffar meg kjære barneombod og eg trur du gjort ei uklok og gal handling.

Artikkelen fortsetter under annonsen.

Les også
Barneombudet og Selbekk debatterte skolegudstjenester
Les også
Barneombudet vil ha slutt på skolegudstjenester