BIOLOGISK SAMANHENG: Å tillate eggdonasjon, på lik linje med sæddonasjon, vert argumentert for som likestilling. Ikkje eitt ord om den biologiske samanhengen mellom mor og barn, skriv Trude Brosvik.

Likestilling er ikkje nok

Far til barnet skal på ingen måte sikrast sterkare likestilling, og barnet skal ikkje ha noko rettsvern i det heile.

Likestilling er ein viktig verdi. Men den åleine er ikkje godt nok argument i møte med store etiske spørsmål rundt spørsmål som vert vurdert innan bioteknologi-lova. At Frp synest å meine det, er overraskande.

I Stortinget har Frp funne saman med «erkefiendane» SV og Ap, og vil vedta endringar som har langtrekkande og uoversiktlege verknader på spørsmål kring livet og livets rett.

Artikkelen fortsetter under annonsen.

Å tillate eggdonasjon, på lik linje med sæddonasjon, vert argumentert for som likestilling. Ikkje eitt ord om den biologiske samanhengen mellom mor og barn, at det frå naturen aldri har kunne vore stilt spørsmål ved om mor var biologisk mor, eller barnet sine behov.

Kvifor finn vi ikkje den same vektlegginga av likestilling som verdi i ei anna lov som omhandlar same type vanskelege spørsmål; abortlova?

Her meiner ein tvert om at det er likestilling at far ikkje har noko han skulle sagt over det påbegynte livet før det er gått tre månader. Tvert om har det vore viktig for fleirtalet å sikre at mor/kvinna åleine skal kunne bestemme over livet.

Når Frp, SV og Ap no vil innføre tidlege testar for alle gravide, fordi ein «bør ha rett til å vite mest mogeleg om barnet sitt tidlegast mogeleg», så følgjer ein ikkje opp argumentasjonen om likestilling. For far til barnet skal på ingen måte sikrast sterkare likestilling, og barnet skal ikkje ha noko rettsvern i det heile.

Eg er oppriktig skuffa over at ansvarlege stortingspolitikarar brukar så lettvint argumentasjon i denne typen saker.