ÅTAK: Eg registrerte at i samband med storminga av kongressen 6. januar blei hendinga presentert som «det demokratisk arrangerte åtaket på kongressen» (av tv-kanalen Victory Channel), skriv Ola Birkeland.

Lik det eller ei – ein kjem ikkje utanom USA

Som fersk lesar av Dagen har eg fått med meg det engasjementet og den interessa det er for den store naboen i vest. Etter fattig evne prøver eg sjølv å snappa opp det den amerikanske forfattaren O. Henry i ein novelle kalla «The voice of the city», («Byens Røst»). For meg passar det betre med «The voice of the land».

Ei av røystene formulerte ein enkel setning i starten av Black lives matter: «Det mest heilage i USA er eigedom.»

Artikkelen fortsetter under annonsen.

Robert McNamee er noko så uvanleg som forretningsmann og kunstnar. Han var med Mark Zuckerberg og bygde opp Facebook, men trekte seg ut då det begynte å visa seg ein del uheldige konsekvensar av verksemda.

Facebook hadde ein kontrovers med Canada, og Zuckerberg nekta å møte opp i Ottawa for å orientera om/forsvara selskapet sin politikk og strategiske tenking. I den anledning uttala McNamee:

«I USA er det ingen restriksjonar på å setta i gang nye tiltak. Dersom det blir suksess, haustar du vel fortent fruktene. Eventuelle negative konsekvensar er det andre som får ta seg av.»

Når det gjeld Facebook, kan ein berre visa til innspelet som nyleg har kome frå Frances Haugen.

Dei mest høglydte røystene har ein dessverre høyrt etter valet i 2020. I ein artikkel i Dagen (7/10) blei kanalen Victory Channel omtala. Det skal vera ein definert «kristen» kanal. Bibelen ligg framme på bordet og burde borga for påliteleg nyheitsformidling.

Les også
– Ingen har gjort meir for kristendommen enn eg

Eg registrerte at i samband med storminga av kongressen 6. januar blei hendinga presentert som «det demokratisk arrangerte åtaket på kongressen».

Mike Lindell er eigar av bedrifta My pillow, ein putefabrikk. Han har gått uvanleg sterkt ut mot resultatet av presidentvalet i 2020. På seinsommaren arrangerte han eit stort symposium der alle bevis skulle leggjast fram for å syna at det var Trump som vant valet.

For Lindell blei resultatet av symposiet ein fiasko, men han held framleis fram med sine påstandar, og Victory Channel omtalar Mike Lindell som ein Herrens medarbeidar som har all deira støtte.

Artikkelen fortsetter under annonsen.

I førnemnde artikkel i Dagen blei omgrepet evangelikal brukt. Der kom det fram at etter valet har talet på evangelikale auka. Men i artikkelen blei det samtidig vist at mange av dei som kalla seg med dette namnet, hadde liten kjennskap til Bibelen; at det er ein politisk term meir enn religiøst.

Robert P. Jones har i boka «White too long: The legacy of white supremecy in American Christianity» (på norsk: Kvitt for lenge: Arva etter kvitt overherredømme i amerikansk kristendom, red.anm.) dokumentert korleis evangeliske, kvite kristne både i sør og nord er dei mest rasistiske i heile USA.

Han har sjølv vakse opp i Mississippi i ei kvit baptistkyrkje der dette aldri blei problematisert. Det blei aldri stilt spørsmål ved dei kvites overherredømme (supremecy). Han seier rasismen nærmast ligg i DNA-et til kvite kristne.

Trumps medarbeidar Steve Bannon sa nyleg i eit intervju at til neste presidentval måtte dei ha 20.000 «stormtroppar» klar til innsats. Det blir spekulert i kva han legg i det. Me kjenner til eit anna land som hadde stormtroppar og veit kva dei blei brukte til.

Ei anna høglydt røyst høyrde vi då Donald Trumps religiøse mentor, Paula White, etter presidentvalet gjekk fram og tilbake på podiet og ropa: «Strike, strike, strike...strike!» For deretter å påkalla ånder frå Afrika og Latin-Amerika om å koma til hjelp slik at Trump skulle vinna valet. For Gud hadde sagt henne at Trump skulle vinna.

Til slutt vil eg dra fram litt historisk materiale. Arne Torgersen frå Lyngdal er mest kjent som flyktningkommisær for FN, og var og ein av initiativtakarane til Kirkens Nødhjelp.

Det som nok er meir ukjent, er at han som ungdom var illegal innvandrar i USA. På 1930-talet budde han i California og arbeidde lenge som butler. Ein av dei siste arbeidsplassane var hos aviskongen William Randolph Hearst som då sto på toppen av si makt og innflytelse. Denne makta utøvde han gjennom avisene sine.

Arne Torgersen var godt likt av Hearst. Han hadde fått tilbod frå Hearst om hjelp til å reisa tilbake til Norge, få ordna opp i papira sine og så lovleg returnera til USA, deretter få opplæring som journalist og tilsetting i ei av avisene. No siterar eg frå boka «Uten sikkerheitsnett», gitt ut på Atheneum forlag 1986:

Artikkelen fortsetter under annonsen.

«Akkurat på den tida drev Hearst ein svær kampanje mot Sovjet i alle sine aviser. Det var særleg hungersnøden som vart dramatisert. I ein artikkel sto det bl.a.: 'Fridtjof Nansen, Head of the Red Cross Mission to Russia, seier at i løpet av de siste år er 10 millionar menneske sulta i hel i Russland.' Dette opptok meg sterkt. I staden for å ta stilling til det sjenerøse tlbudet, viste eg til artikkelen og sa at Nansen umogleg kunne sagt dette ettersom han jo døde i 1930. 'Kanskje det er sonen som har sagt det, da?' undra oberst Willicombe (Hearst høyre hand). 'Nei', sa eg, 'han er arkitekt så vidt eg veit. Men de kan jo berre sette «said» i staden for «says», så verkar det jo meir korrekt!' 'We can`t fool you foreigners, vi kan ikkje lure de utlendingar', snerra Willicomb og forsvann.»

Eg har trekt fram ein del røyster frå landet i vest. Dei fleste er dagsaktuelle. Eg likar ikkje bodskapen!

Etter dette mista han stillinga hos aviskongen. Men på leiarplass i avisene til Hearst kunne han eit par dagar etter lesa:

«Det er blitt så ille her i landet at man ikkje lenger kan stole på nokon. Sjølv ens favorittskodespelar eller ens mest fortrudde menn kan vise seg å vere kommunistar.»
 (Favorittskodespelaren var truleg Charlie Chaplin, som var ein trufast gjest i Santa Monica)

Eg har trekt fram ein del røyster frå landet i vest. Dei fleste er dagsaktuelle. Eg likar ikkje bodskapen!