Leik og rørsle er også læring

Nokre barn treng å røre seg for å lære

Utdanningsnytt for april står det ei interessant debattinnlegg av Kristin Elvsveen Witry . Ho tek opp dette at ungar som er veltilpassa i barnehagen ikkje passar inn i skulen. Grunnen er at i skulen må dei sitje mykje meir i ro ved pulten sin. Skulen er mykje meir styrt inn mot læring av fag, og mot testar styrt av PISA. Som den røynde pedagogiske leiaren peikar på, er det nokre born som meir enn andre lærer ved å være i rørsle, ved å undersøke og prøve. Når dei får beskjed om å vere i ro, klarar dei det ikkje, og blir derfor karakterisert som uromoment og bråkebytter. Ei tilpassa læring, vil ta omsyn til desse ungane sine spesielle behov for å bevege seg og undersøke verda rundt seg.
Ho peikar på at leiken “er en annen og ikke målbar måte å lære på”, og meiner at skulen må leggje meir til rette for at slike elevar må få andre stader enn pulten for å utforske, undre seg, reflektere , skape og samarbeid forat den lærelysta dei viste i barnehagen må halde fram. Den eksperimenterande leiken vil kome godt med når barna vert vaksne, for den utviklar kreativitet og evna til å takle situasjonar som ikkje kan forutsjå, og kan hjelpe dei til å takle ei ukjent framtid.


I pedagogikken talar ein om å stimulere taktile og kinestetiske sansar, og såleis gjennom rørsler gjere barn meir var for å beherske kroppen sin og erfare omgivnadene. Seksåringane veks mykje, og er derfor svært avhengige av å bevege seg for å få kontroll over, meistre og prøve ut den “ nye “ kroppen sin. Det er derfor uheldig at skulen i dag krev for mykje fag og stillesitjing av unge elevar. Som KEW viser til :”Undersøkelser viser at barn ikke har lært mer etter innføring av 6-åringen i skolen”. Kanhende det er på tid å gå pedagogikken etter i saumane, og gje rom for den kreative og utforskande leiken som skulefag i småskulen?
Når vi så føyer til at nokre 6-åringar vert bussa ein halv time eller time kvar dag, så seier det seg sjøl at det vert for lite rørsle og leik.
Då eg hadde praksis i første klasse ( 7.åringar) på barneskolen for mange år sidan, sa øvingslæraren min at ein burde veksle aktivitet etter 7- 10 minuttar, for oppmerksomhetsspennet til 7-åringar var kort. Så vi sang, teikna, fortalde, hadde bevegelsesleikar og samtala med elevane i løpet av ein time. Vi hadde nok altfor lite kreativ leik då og, men prøvde oss på rollespel, uteleik og skogsturar. Læringa vart ikkje mindre av det, og resultatet var glade elevar. Noko var faktisk betre før.