Legar og reservasjon - omskjering og abort

Når det no er i gang eit ar­beid for å re­gu­le­ra om­skje­ring av gutar, slik at dette vert ut­ført på of­fent­le­ge sjuke­hus, har plut­se­leg pipa fått ein annan lyd. Då er det le­ga­ne si eiga opp­fat­nin­ga av saka som gjeld, skriver Johannes Kleppa.

Den prin­si­pi­el­le ten­kin­ga står det ofte dår­leg til med, sjølv hjå folk med lan­dets hø­gas­te ut­dan­ning.

Prin­si­pi­ell ten­king er kjenne­teik­na av at den ar­gu­men­ta­sjons­må­ten ein fører på eit om­rå­de, må kunna bru­kast også i pa­ral­lel­le spørs­mål. Ofte viser det seg at ten­kin­ga er styrt av kjens­ler, eller at ar­gu­men­ta­sjo­nen er til­pas­sa si­tua­sjo­nen.

Artikkelen fortsetter under annonsen.

Det har vorte reist ein ko­los­sal mot­stand mot re­ser­va­sjons­rett for fast­le­gar i spørs­mål som gjeld abort­saka og andre spørs­mål som rører ved liv og død.

Le­ga­ne har å fyl­gja lov­ver­ket. Kan dei av sam­vits­grun­nar ikkje det, må dei finna seg noko anna å gjera, vert det sagt. Legar kan ikkje opp­tre ut frå eiga over­ty­ding, men må hand­la innan det sam­fun­net har be­stemt.

Når det no er i gang eit ar­beid for å re­gu­le­ra om­skje­ring av gutar, slik at dette vert ut­ført på of­fent­le­ge sjuke­hus, har plut­se­leg pipa fått ein annan lyd.

Då er det le­ga­ne si eiga opp­fat­nin­ga av saka som gjeld. Om­skje­ring av gutar har i vårt sam­funn vore eit mar­gi­nalt fe­no­men. Det har stort sett vore knytt til dei få jø­da­ne som bur i lan­det, men ved den re­li­gions- og kul­tur­plu­ra­lis­men som no er på gang, vert om­fan­get stør­re.

His­to­risk og glo­balt er om­skje­ring av gutar av stort om­fang, og det har ikkje vore noko helse­pro­blem - hel­ler tvert imot. Om­skje­ring av jen­ter er der­imot kjønns­lem­les­ting.

Ge­ne­relt vert det nye kul­tur­mang­fal­det vur­dert po­si­tivt, men på dette punk­tet rei­ser det seg ei se­ku­lær mot­stand­byl­gje.

Leiar av Norsk barne­ki­rur­gisk for­ei­ning, Mor­ten Vigen, seier mange legar vil re­ser­ve­ra seg mot om­skje­ring. Den ret­ten som 8.-mars-kvin­ne­ne mar­sjer­te mot i spørs­mål som gjeld liv og død, sy­nest å vera sjølv­sagd med tanke på eit medi­sinsk mi­ni­malt inn­grep, eit inn­grep som his­to­risk og in­ter­na­sjo­nalt er an­er­kjent.

Sidan om­skje­ring ikkje har med sjuk­dom å gjera, og med det ikkje er eit medi­sinsk inn­grep for å lækja bar­net, vert det hevda at dette inn­gre­pet ikkje har noko på of­fent­le­ge sjuke­hus å gjera, og at det of­fent­le­ge ikkje bør be­tala for det. Det kan så vera, men der­som sta­ten tvin­gar for­eld­re som skal om­skje­ra gu­ta­ne sine, til å gjera det på eit sjuke­hus, må sjølv­sagt også sta­ten be­tala for det.

Artikkelen fortsetter under annonsen.

Det å vera med barn, er hel­ler ikkje nokon sjuk­dom. Så sant ikkje liv eller helse står på spel for mora, er fjer­ning av fos­te­ret hel­ler ikkje eit medi­sinsk inn­grep av helse­mes­si­ge grun­nar.

Dei som hev­dar at fos­te­ret er «del av mora sin kropp», kan hel­ler ikkje hevda at denne «delen» må kvin­na fjer­na av helse­mes­si­ge grun­nar, og dei kan ikkje for­sva­ra inn­gre­pet medi­sinsk.

Ut frå den ar­gu­men­ta­sjo­nen som vert brukt i spørs­må­let om om­skje­ring, burde ein då gå inn for at dei aller fles­te abort­inn­gre­pa bør føre­gå uta­for of­fent­le­ge sjuke­hus og be­ta­last av den som ønskjer inn­gre­pet.

Ein ret­tar bakar for smed, og smed for bakar etter som det pas­sar, etter per­son­leg syn­sing.

Les også
Staten: - Tvillingabort er lovleg