Lat Bibelen fortelja oss det rette svar!

Eg har skrevet nokre innlegg i Dagen om antikrist, kven han er og kva han heiter. Men det er lett å forstå at det er ikkje mange som har bete på kroken. Eg har lyst til å visa kva Bibelen fortel.

Sjå evangelisten Lukas, kapittel 2 der han skriv om manntalet då Kvirinius var landshovding i Syria. Her kjem det fram at då vart Jesus fødd, og det var heller ingen konge i Syria.

Artikkelen fortsetter under annonsen.

Er det ikkje dette eg har skrevet, at han sat fengsla i Rom! Me veit at han heiter Antiokus Epifanes 4, og me veit at han vart sett fri og vart konge på nytt.

Lat oss gå til Openbaringi, kapittel 17, der finn me at han er ein av sju kongar. Dei fem er falne, ein er no, og ein er enno ikkje komen.

Han var den kongen som er no. Då var Johannes på Patmos, men det var lenge før år 95. Dette kan vel vera rett, sjølv om ikkje dei vise har funnet det ut. Det kunne vel vera før år 50, det ville passa til kongens alder.

Les meir frå Openbaringi 17, der vil du sjå at han vert og kalla for dyr, vers 8. Dyret som du såg, det var og er ikkje, og skal stiga opp utor avgrunnen, og gå mot undergang.

Dette fortel oss at no er denne kongen død, men han skal komma att i endetida. Dette vil du finna i Daniel 11, vers 40.

Det er og noko som vert kalla dyrets bilete, det har eg ikkje forstått tidlegare. Det vert sett opp utanfor tempelet, slik at alle kunne sjå det.

Det er den falske profet som ordnar med å setta det opp, og det kunne tala. Denne støtta er dyrets bilete. Den skulle likna dyret, og det trur eg folket skjøna. Han har nok eit utsjåande som er uvanleg.

Skal me tippa, på føtene eit par høge støvlar. Over midja, ein romsleg frakk, og på hovudet ei sekskanta lua, som ber preg av storheit. Dette siste for at de skal skjøna kva eg meiner. Dette er dyrets bilete.

Artikkelen fortsetter under annonsen.

Den var nok ikkje ståande lenge der. Israel tar han bort når dei får dyret ut or landet. Det er enno nokre år før dette skjer. Den store og gode hendinga er når Jesus hentar oss heim til Himmelen.

No er dyret på veg i Midtausten, og den falske profet er med han. Dei skal tilbake til Israel, men det vil gå tre og eit halvt år. Dei er inne i Egypt før dei dreg til Israel. Me kan merka oss at desse to ikkje er komne til Israel når det store jordskjelvet kjem over hæren hans. Dei er nok på vegen, men desse møter Jesus, som blåser dei til eldsjøen. Slik forstår eg dette.

Me vil nok møta mykje vanskeleg, me som fylgjer Jesus. Me må be inderleg om nåde og godheit slik at me verte frelste.