Kyrkja, menneskerettar og abort?

TRYGGE ABORTAR: Vi veit abort er etisk problematisk. Likevel vil dei aller fleste kyrkjer at det finst etisk akseptable grunnar for å utføra abortinngrep. Og då er vårt poeng at når det er nødvendig, skal det skje på ein trygg måte, skriv Kjetil Aano.

Mel­lom­kyr­kje­leg råd har nyleg laga eit spen­nan­de do­ku­ment med tit­te­len«Slipp un­der­tryk­te fri. Den nors­ke kir­kes en­ga­sje­ment for men­neske­ret­tig­he­te­ne».

Do­ku­men­tet speg­lar Den nors­ke kyr­kjas teo­lo­gi om men­neske­verd og vern om livet, og hand­lar med dette ut­gangs­punk­tet om kor­leis vi som kyr­kje er en­ga­sjert i men­neske­ret­tar slik FN de­fi­ne­rer dei.

Artikkelen fortsetter under annonsen.

Kris­ten etikk er ikkje iden­tisk med men­neske­ret­tar. I nokre til­fel­le går kyr­kja len­ger for å verna livet enn det ju­ri­dis­ke ret­tar gjer. Det gjeld til dømes barn, der ju­ri­dis­ke ret­tar gjeld frå fød­se­len medan kyr­kja vil verna livet frå unn­fan­gin­ga av.

Do­ku­men­tet er verdt å stu­de­ra, og eg vil opp­mo­da alle til å lesa det. Her tar ein opp ei lang rekke spørs­mål som vi som kyr­kje og en­kelt­per­son­ar sta­dig blir kon­fron­tert med.

Det er både prin­si­pi­el­le av­veg­in­gar av til­hø­vet mel­lom kris­ten tru, etikk og men­neske­ret­tar, og det er drøf­ting av ei lang rekke kre­van­de og spen­nan­de tema, for ek­sem­pel re­li­gions­fri­dom.

Do­ku­men­tet erlagt ved ei sak som blir fremja til Kyr­kje­mø­tet (KM), i tråd med pro­se­dy­ren for slike saker:KM ved­tar sjel­dan lange do­ku­ment, men fat­tar ved­tak om kor­leis kyr­kja skal tolka, og even­tu­elt nytta dette do­ku­men­tet i sitt ar­beid fram­over. KM kan også, om ein vil, retta kri­tikk mot det.

Eit ka­pit­tel i do­ku­men­tet har vakt ein del de­batt. Det er ka­pit­let som hei­ter «Re­pro­duk­ti­ve og sek­su­el­le ret­tig­he­ter».

Vi har her å gjera med eit om­rå­de som er verdi­la­da og vik­tig: Det dette drei­er seg om, er kor­leis vi som kyr­kje kan gi støt­te til men­nes­ke - først og fremst kvin­ner, men ikkje bare det - i noe av det mest sår­ba­re si­tua­sjo­nar ein kan vera i: helse knyta til fød­sel og sek­su­ali­tet.

Desse fag­le­ge orda dek­ker ein pakke med ret­tar, for ek­sem­pel til­gang til reint vatn; ret­ten til å kreva hjelp frå sty­res­mak­ter ved fød­sel, og ut­over tra­di­sjo­nel­le jord­mød­rer; ret­ten til å kreva til­gang til enkel og ele­men­tær helse­hjelp.

I til­legg ligg det i dette, ret­ten til at kvin­ner skal kunna søka hjelp for helse knyta til sek­su­ali­tet /for­plan­ting/fød­sel utan at ein mann skal vera med henne som over­ord­na eller kon­trol­lør.

Artikkelen fortsetter under annonsen.

Dette er eit klart etisk val som Norge støt­tar, og som eg vil hevda er i tråd med eit kris­tent syn på men­nes­ket.

Som avisa Vårt Land på­peik­te den 26. mars, bru­kar Norge orda re­pro­duk­ti­ve og sek­su­el­le ret­tig­he­ter for å fremja norsk syn på abort. Dette er bak­grun­nen for kor­leis ein ord­legg seg og tar ein eigne, sjølv­sten­di­ge etis­ke vur­de­rin­gar, slik det blir ut­trykt i ka­pit­let om liv og død-spørs­mål (s.49).

Eg sy­nest do­ku­men­tets ven­din­gar om for­hol­det mel­lom abort og livs­vern for det ufød­de livet er gode. Her blir det mel­lom anna talt om til­gang til «tryg­ge abor­tar».

Å snak­ka om ret­ten til dette er noe vi i kyr­kja sy­nest er vans­ke­leg - og med god grunn. Li­ke­vel vil eg støt­ta dette. Det gjer eg både på bak­grunn av egne er­fa­rin­gar og min etis­ke re­flek­sjon: Vi veit abort er etisk pro­ble­ma­tisk.

Li­ke­vel vil dei aller fles­te kyr­kjer at det finst etisk ak­sep­tab­le grun­nar for å ut­føra abort­inn­grep. Og då er vårt poeng at når det er nød­ven­dig, skal det skje på ein trygg måte. Den korte teks­ten i do­ku­men­tet re­flek­te­rer slike hald­nin­gar, slik eg ser det.

Nokon ville gjer­ne at ein ikkje skul­le sagt noko som helst for å mo­de­re­ra ret­ten til abort, fordi ein ten­ker ann­leis om til­hø­vet mel­lom kvin­na og fos­te­ret. Andre vil ikkje opna for å drøf­ta dette i det heile, fordi ein ten­ker at ved å opna for slik til­gang, le­gi­ti­me­rer ein noe ein er imot. Det gjeld til dømes Den ro­mersk ka­tols­ke kyr­kja.

Eg vil hevda at kyr­kja ved å våga å nemna også dette tema­fel­tet, viser vilje til å drøf­ta og å ta på alvor vik­ti­ge men vans­ke­le­ge etis­ke spørs­mål. Vi må våga å gå inn i dette, sjølv om vi kan trø feil.

Sjølv om om­gre­pet re­pro­duk­ti­ve og sek­su­el­le ret­tig­he­ter kan bru­kast til å fremja prak­si­sar eg finn uetis­ke og eg ikkje kan støt­ta, kan eg ikkje som re­pre­sen­tant for kyr­kja la vera å gå inn i dei vans­ke­le­ge felta som vi her har å gjera med. Det er det blant anna det er å vera kyr­kje - å våga å gå inn i dei kom­pli­ser­te felta.