NOKO UNIKT: Ta vare på vår gode gudstjeneste, lat den får stå for noko unikt der ein i undring kan få lytte og ta til seg det heilage nærvere, og bli ført inn den gode fellessongen, skriv innsendaren.

Kyrkja, ein framandgjord stad?

Det vi i dag opplever av fråfall frå kyrkje og kristenliv generelt i folket vårt er ikkje på grunn av orgelmusikk og song- og musikksjanger!

Eg vil ta tråden opp som frå Ole Jakob Lølands meiningsytring «Orgelallergi» i Vårt Land for litt sidan.

Han trur at folk flest kjenner seg kulturelt framande i kyrkja på grunn av sine kulturuttrykk og vil ha inn lettare song og musikk i både bryllaup og gravferder.

Artikkelen fortsetter under annonsen.

Det er ikkje det som er hovudårsaka, men heller at folk flest ikkje kjenner til evangeliet, fordi ein ikkje deltek i gustenesta og kristendomskunnskapen har smuldra bort i heim, skule og samfunnsliv. Kristen song og salme er praktisk talt heilt ute i skulen, ja, langt inn i dei fleste heimane.

Typisk nok: Politisk har ein redusert kristendomskunnskap til 50 prosent i KRLE-faget, og det skal ikkje ha forkynnande element i seg, og som om ikkje det er nok: Skulegudstenestene bør ikkje lenger vere obligatoriske, ja, bør kuttast heilt ut, jamvel til jul.

Eg skal ikkje her ta opp dette med song og musikk i gravferder og bryllaup, som trass alt har åpna opp for ei friare form. Men eg vil sjå litt meir pågudstenesta.

TV 2 hadde for mange år sidan ei treffande spørrerunde til tilfeldig forbipasserande i førjulsstria: «Korleis står det til med sjela di?» Alle vart meir eller mindre forlegne og kunne/ville ikkje svare. Kvifor?

Har vi i vårt profane og kommersielle liv parkert den sunne sjela? Har den ingen verdi, og bør den ikkje bli stimulert til eit rikare ånds- og kulturliv?

I kyrkje og bedehus har ein formidla Guds ord i generasjonar. Nåden og nådemidla som vert gitt oss med tilgiving og fred til samliv i gode relasjonar, gir rom for sjela sine djupaste kjensler. Her er songen og musikken ein sterkt medverkande faktor, som vil fylle og løfte den gode salmen og songen, ikkje minst ifellessongen.

Og her vil eg konkret stresse Lølands tonehøgdeskepsis. For det er ein samanheng mellom det ein får og blir inspirert til, og korleis ein svarar på det.

Begeistring er eit anna ord som gjerne kan samanliknast med å vere med på ein fotballkamp: Ein legg ikkje toneleie ned, snarare vert det lyfta opp!

Artikkelen fortsetter under annonsen.

Så kan det vere at ein også i kyrkje og bedehus åpnar opp for meir folkelege uttrykksformer, noko ein har gjort før, som til dømes folkemelodiane inn i salmesongen.

Det tok si tid før dei vart godkjende i kyrkja. Derimot i den gryande vekkingstida som kom, både frå kristensamfunn i England og USA, samt ifrå brorsfolket i aust, førte til ein rik, spontan og levande song- og visetradisjon som fylte bedehusland med lovsong og tilbeding.

Kyrkja fekk med sin gode og sentrale evangelisk-lutherske liturgi og song og salme i kyrkjeromet, og ein fekk friare uttrykksformer i bedehuset.

At ein ikkje utan vidare tok i bruk former og uttrykk som ein opplevde ikkje-kristne miljø nytta med det same, så fekk tida modne også dette aspektet, og ein såg at ånd og åndskraft vert formidla gjennom Ordet, som gjerne kunne forsterkast og formidlast gjennom ulike musikk- og rytmeinstrument og forsterkarutstyr.

Ta vare på vår gode gudstjeneste, lat den får stå for noko unikt der ein i undring kan få lytte og ta til seg det heilage nærvere, og bli ført inn den gode fellessongen?

Så kan ein så absolutt arrangere samankomstar (konsertar, lovsongsarrangement og liknande) der ein kan få spele ut «alt ein har» av uttrykk og uttrykksmiddel med sine nådegaver og naturlover.