Kvinner i bibelsk tid og vår tid

Brør og søstre i kyrkjelyden har alle fått nådegåver for tenesta i forsamlinga og utover på Guds åker som er verda.

Bernhard Sunde sitt innlegg i Dagen torsdag 25.02. fekk meg til å tenkja på Jesu ord i Matt. 23,8–12: «Men de skal ikkje la nokon kalla dykk rabbi; for det er ein som er meisteren dykkar, og de er alle sysken. Og kalla ikkje nokon her på jorda far; for de har berre éin Far, han som er i himmelen. Lat heller ikkje nokon kalla dykk lærarar; for de har éin lærar: Kristus. Den største av dykk skal vera tenaren dykkar. Den som set seg sjølv høgt, skal setjast lågt, og den som set seg sjølv lågt, skal setjast høgt.»

Brør og søstre i kyrkjelyden har alle fått nådegåver for tenesta i forsamlinga og utover på Guds åker som er verda. Som på Jesu tid vert Jesu vener forfølgde òg i vår tid. Det kostar å leva som ein kristen og kampen mot den vonde naturen er ein realitet så lenge vi lever.

Artikkelen fortsetter under annonsen.

Vi har vist at kvinner har tala og undervist i den første kristne tid. Den som høyrer med i det allmenne prestedømmet, kan i utgangspunktet overta alle oppgåver i den kristne kyrkja, vigsla og friviljug, løna og uløna. Kyrkja skal, under bøn til Gud, leggja vekt på naturgåver, nådegåver, utdanning og praksis som kriterier for utval av tenarar i si kyrkje.

Den høgkyrkjelege tankegangen går på at hyrde og leiarfunksjonen har ein formidlarrolle mellom Kristus og kyrkjelyden. Embetstenkinga frå statskyrkjetida i Noreg kan ha påverka oss. Slikt er langt frå Paulus sin tankegang. I NT er det tale om ulike nådegåver, som vert gitt til dei truande. Ikkje eit embete som står suverent over andre nådegåver. Omgrepet embete, eller noko tilsvarande finns ikkje i NT.

Men nådegåvene er leiarfunksjonar i kyrkjelydane. Hans Kvalbein: «Ei nådegåve er det kall og den utrusting Gud ved Den Heilage Anden gir kvar enkelt kristen til å vera vitne om at Jesus er Herre, i ord og i gjerning, til oppbygging av kyrkjelyden, Oppdraget er ovanfrå. bodet om orden er ovanfrå, men ordning er nedanfrå.»

Det finns fleire lister av nådegåver. 1.Pet. 4,10–11: «Ten kvarandre, kvar og ein med den nådegåve han har fått, som gode forvaltarar av Guds mangfaldige nåde. Den som talar, må tala som Guds ord. Og den som tener, må tena med den styrke som Gud gir. Slik skal Gud i eitt og alt få ære, ved Jesus Kristus. Han tilhøyrer herlegdommen og makta i all æve! Amen.»