BØN: Når eg ber, vender eg meg til han som har all makt i himmelen og på jorda. Det er ein fullstendig svimlande tanke. Illustrasjonsfoto.

Kva kunne skjedd om vi bad mykje meir?

Eg har tenkt at eg ville skrive om bøn. For eg trur på å be. Men eg nøler. Veit ikkje om eg vågar å gje meg i kast med eit slikt stort tema. Eg prøvar likevel.

For eg trur mirakel skjer når vi ber. At vidunderlege ting kan hende. At sjuke kan bli friske. At uløyselege flokar løyser seg. At utvegar opnar seg. At kranglefantar blir vener og hjarte kan bli mjuke. At menneske kan kome til tru.

Artikkelen fortsetter under annonsen.

Ikkje slik at eg ikkje tvilar. Eg tvilar ofte. Å berre be når noko står på spel, liksom, er det noko poeng i? Burde ein ikkje heller aksjonert? Ropt høgt? Kvesst til i debattar? Det verkar så stusseleg å berre be. Å kviskre ord ut i lufta, kva er vel det?

Det hadde ikkje vore stort, om det ikkje var for at eg trur eg kviskrar til ein som høyrer. For bøna mi har ein mottakar. Når eg ber, vender eg meg til han som har all makt i himmelen og på jorda. Det er ein fullstendig svimlande tanke.

Og same kor smått eg nokre gonger kan tenkje om mi eiga bøn, der eg sit åleine med falda hender og ingen ting tilsynelatande skjer, kjenner eg at frimodet veks når eg minner meg sjølv på løfta om bøn som står i Bibelen.

«Be, så skal de få!» sa Jesus.

Han lærte disiplane å be og bad sjølv óg. Fordi han trong det. Ja, han kjempa i bøn. Han hadde ikkje gjort dét, dersom det ikkje betydde noko.

«Velsigna er Herren, for han høyrer mi bøn!» står det i Salme 28.

Salmane i Bibelen er ei einaste lang bønebok. Ei bok full av begeistring fordi Gud høyrer, men som også snakkar ærleg om livet og gir stemme til menneske som følte at Gud var langt vekke og drygde med å svare. Likevel bad dei. Dei klaga si naud og heldt fram med å be.

Heile Bibelen er full av forteljingar om menneske som bad. Og forteljingar om at Gud høyrde og svarte. Skulle vi ikkje då våge å tenkje endå større om bøn? Våge å ta sjansen på at det verkar? Ta inn over oss at det er viktig? Satse på at dette er noko som er verd å prioritere?

Artikkelen fortsetter under annonsen.

Gud har gitt oss eit så kraftfullt våpen i bøna, at vi ikkje kan nøye oss med å vifte med det av og til.

Eg kjende meg privilegert då eg tidlegare i år fekk skrive historia om vekkjinga på Stad i 1972. I alle bygdene der det var vekkjing, var det folk som hadde bedt på førehand. Det same vart sagt om vekkjinga som hadde vore der ein generasjon tidlegare. Og om andre vekkjingar. Folk bad og ting skjedde.

Eg har tenkt mykje på dette. På alle historiene eg høyrde om menneske bad og Gud som svara og forvandla familiar i generasjonar.

Eg har tenkt på møta med menneske i land der kyrkja er under press. Når eg spurde kva norske kristne kunne gjere for dei, svara dei «be for oss». For dei hadde erfart at bøn er livsviktig.

Eg har også tenkt på alle gongane gjennom livet då eg sjølv har opplevd at Gud svarte.

Og det slår meg at Gud har gitt oss eit så kraftfullt våpen i bøna, at vi ikkje kan nøye oss med å vifte med det av og til.

Eg er ein sindig vestlending, oppvaksen inst i ein fjord. Eg vegrar meg for svulstige ord. Blir lett brydd av kristelege flosklar. Men dette er ingen floskel: Eg er overtydd om at Gud vil vi skal be. Vi kan ikkje la vere.

Blant dei tusenvis av ting eg kan be om no, kjenner eg blant anna trong for å be om dette:

For barna. For dei som ikkje er fødde enno, og for dei som veks opp i eit sekularisert samfunn. At dei må bli kjende med Jesus, bli trygge i trua og få mot til å stå fast. Og for kloden dei skal vekse opp på.

Artikkelen fortsetter under annonsen.

For landet vårt. Om ny vekkjing og at vi som kristenfolk må frykte Gud meir enn menneske. For politikarane. At dei må ha ryggrad og visdom og vedta gode lover som tener folket og ikkje skaper forvirring.

Om fred for Ukraina og for Israel og Gaza. Be for familiar som sørgjer og for gislane i Gaza. Be for livredde, svoltne og tørste barn som er uskuldige offer. Om at Gud rører ved harde hjarte.

Kor naturstridig det enn kjennest, seier Bibelen at vi skal elske fiendane våre og be for dei som mishandlar og forfølgjer oss. Vi skal be for dei vi avskyr og unngår og foraktar. Det betyr at vi skal be for Putin, prestestyret i Iran og leiarane for Hizbollah og Hamas.

Og kanskje er det faktisk enklare å be for despotar langt vekke enn for folk vi ligg i konflikt med i vår eigen kvardag. Men vi skal be for dei også.

Skal tru kva som kunne skjedd om vi som kristenfolk bad mykje meir? Det finn vi ut viss vi prøvar.