Kva er toleranse?

Det finns ulike meiningar om kva toleranse er, men toleranse er ikkje sjølvøydeleggjande

Han er så tolerant. Han tåler alt, og seier ikkje imot “

” Ho er alltid uenig, og meiner noko om alt”.

Artikkelen fortsetter under annonsen.

Ja, er det slik, at den tolerante teier, og den utolerante diskuterer og seier imot?

Men kva meiner vi med toleranse? Då eg leste idehistorie, vart toleranse definert slik: “ Eg er ueing med deg, men eg er viljug til å døy forat du skal få hevde dine meiningar” . Med andre ord, eit tolerant menneske kunne vere svært uenig med eit anna tolerant menneske, og striden mellom dei kunne vera djup, men toleransen gjekk på det å kunne være ueinige og kunne hevde sine meiningar i møte med kvarandre.

Toleranse var altså ikkje å stappe alt i ein stor sekk og sei at alt er like bra. Dei tolerante har meiningar, og hevdar dei.

Deerfor kan du ha ei politisk meining, og likevel tåle andre samfunnsyn. Du kan ha ei tru, og likevel vise venligheit ovafor dei som trur annleis.

Men eg trur det går ei grense når toleransen møter eit livsyn som vil drepe deg fordi du er til og har andre meiningar enn dei sjølve. “ Du er kristen eller jøde, og du blir drepen fordi du er det”. Då har du møtt intoleransen, og då døyr du ikkje forat andre skal få ha meininga si, men du døyr fordi dei andre ikkje meiner du har rett til å leva. Det er motsett det at vi i seier kristendommen - som vår kultur byggjer på- at alle menneske har verdi fordi dei er skapt av Gud og har same rett til å leve i kraft av sitt gudsbilete.

Det er altså ikkje gale å ha ei tru, og arbeide forat andre skal få same trua som du. Det er heller ikkje gale å vise borna veien til tru, og hjelpe dei på trusvegen. Men han som sa til Peter- Stikk sverdet di i slira,” då Peter ville forsvare han, han reinsa også templet då folk ikkje heldt det heilagt. Men han drap dei ikkje.

Toleransen har sine grenser. Når nokon vil øydeleggja deg, og ta verdiane dine, då tar toleransen slutt. Då gjeld det ikkje lenger meiningane dine, men livet ditt. - Toleranse blir en forbrytelse når det man tolererer er ondskap. ( Thomas Mann)

I Noreg har vi heldigvis til nå hatt lover som set grenser for intoleransen. Vi håpar det det heldt fram slik.