«På mange måtar blir kristentrua politisert og polarisert i den offentlege debatten», skriv Erling Thu (bildet).

Kristne bør ikkje gøyma seg bort

Vi må berre hugsa på å vera milde ogg fredelege.

Når apostelen Paulus skriv til sin unge medarbeidar, Timoteus, seier han at framfor alt vil han leggja dei kristne på hjartet å bera fram bønn og påkalling, forbønn og takk for alle menneske.

Han seier at vi skal be for kongar og alle som er i leiande stillingar, så vi kan leva eit stilt og fredeleg liv med gudsfrykt og vørdnad i alt vi gjer. Dette er godt og noko Gud, vår frelsar, gler seg over, han som vil at alle menneske skal bli frelste og læra sanninga å kjenna. Denne apostoliske formaninga gjer vi klokt i å akta på i våre dagar.

Artikkelen fortsetter under annonsen.

Vi lever i ei tid med sterke polariseringar på fleire område. Ulike grupperingar og meiningar står steilt mot kvarandre. Det blir brukt mange harde ord på sosiale media. Dessverre kan ordskiftet også mellom kristne menneske bli hardt og fordømmande.

På mange måtar blir kristentrua politisert og polarisert i den offentlege debatten. Trump, Visjon Norge, abort, samkjønna ekteskapslov, Israel, Islam, innvandring og asylpolitikk er nokre stikkord som får sindige nordmenn til å hissa seg opp.

Den apostoliske formaninga er å be og takka for alle menneske, spesielt for kongar og alle som er i leiande stillingar. Målet med desse bønnene er at styresmaktene skal leggja til rette for fredeleg sameksistens i samfunnet. Kristne menneske har eit misjonsoppdrag. Dette burde vera styrande for alt vi gjer i samfunnet vi er ein del av.

Difor er det viktig å sjå samanhengen mellom det å leva eit stilt og fredeleg liv med gudsfrykt og vørdnad i alt vi gjer, og det at Gud vil at alle menneske skal bli frelst og læra sanninga å kjenna. Eit stilt og fredeleg liv er med andre ord eit sterkt misjonerande liv!

Dette er i samsvar med det Jesus seier i bergpreika. Det er dei milde, tolsame og audmjuke som skal arva jorda, ikkje dei stolte og arrogante. Det er dei fredsæle og ikkje dei som skaper strid som skal kallast Guds barn.

Det er dei fattige i ånda, dei som hungrar og tørstar etter rettferda, dei som viser miskunn, som får sjå himmelriket koma og retten råda på jorda. Det er ikkje dei med dei sterke meiningane eller dei som roper høgast som vil vinna menneske for trua på Jesus.

Profeten sa at Herrens tenar ikkje skulle tretta eller ropa, heller ikkje skulle han marknadsføra seg sjølv, men han skulle vera miskunnsam. Eit knekt menneske skulle han ikkje bryta ned og han skulle ikkje sløkkja ei lita rykande tru.

Ein Herrens tenar må ikkje liggja i strid. Nei, han skal vera vennleg mot alle, god til å undervisa og villig til å tola vondt, så han er mild når han taler til rette dei som seier imot. Tåpelege ordskifte og alt som fører til strid bør vi avvisa.

Artikkelen fortsetter under annonsen.

Eit stilt og fredeleg liv med gudsfrykt og vørdnad i alt vi seier og gjer, kan ha den verknaden at Gud ein gong kan gje menneske nåde til å venda om, så dei lærer sanninga å kjenna.

Sjølvsagt skal vi stå opp for sanninga og kjempa for rettferd for dei undertrykte. Kristne bør engasjera seg i politikk og debattar og ikkje gøyma seg bort. Vi må berre hugsa på å vera milde ogg fredelege. Det er vennlege og audmjuke kristne som fremjar evangeliet.