INDIA: Dei hjelper sjuke, fraktar folk til sjukehus og skaffar oksygen. Brorskap får utfolda seg under katastrofen. «Då har ikkje hatet heilt slege rot», seier kyrkjeleiar Lal, skriv Johannes Morken.

Kristenleiar skulda for landssvik i India

Hatet mot minoritetar er forsterka i India under pandemien: Kyrkjeleiar blei skulda for landssvik fordi han publiserer rapportar om valdsangrep mot kristne.

Pandemien herjar med dødeleg kraft i India. Kristne, muslimar og sikhar mobiliserer lokalt for å stilla opp for dei sjuke og døyande, utan omsyn til tru.

Men hindunasjonalistane – og ikkje minst dei meir ekstreme – brukar pandemien til å forsterka hatet og splittinga, basert på ideen om at berre ein hindu er ein god indar. I eit slikt land blir det trongt for minoritetar, grunnlovsfesta trusfridom aldri så mykje.

Artikkelen fortsetter under annonsen.

MORKEN: Johannes Morken er redaktør i Stefanusalliansen

Trakasseringa av og valden mot dalitar, muslimar, kristne og andre minoritetar er blitt forsterka under pandemien, skriv Den amerikanske kommisjonen for internasjonal trusfridom (USCIRF) i 2020-rapporten.

Hindufestivalar spreidde smitte

Muslimane er hardast ramma av jakta på syndebukkar. I fjor blei muslimar raskt demoniserte som smittespreiarar, det nye hatordet blei «korona-jihad» –at muslimar vert skulda for heilag krig mot India ved å spreia korona-viruset.

Denne syndebukkjakta står i sterk kontrast til India i mars og april i år. Regjeringa, som vert leia av det hindunasjonalistiske partiet BJP, hadde erklært kampen mot pandemien som vunnen.

Regjeringa nekta å høyra på åtvaringar om ein ny, farleg virusvariant. I staden for nytt smittevern, vart landet opna for valkamp og store festivalar.

Slike festivalar blir brukte av hindunasjonalistar for å samla hinduismen rundt forteljinga at «berre hinduar er gode indarar», kommenterer Stefanusalliansens partner i India.

«Eg klandrar ikkje hinduane som var på festivalane. Eg klandrar regjeringa som sa ja til festivalane», seier generalsekretæren i Fellesskapet av evangeliske kyrkjer i India (EFI), Vijayesh Lal til Magasinet Stefanus.

Desperasjonen og likbåla kjenner vi. Dei offisielle dødstala er kring 400 000. Men mørketala er store, amerikanske forskarar trur at dødstalet no har passert 1,1 million.

Pressa muslimar ut

Ein skulle kanskje tru jakta på muslimar som syndebukkar tok slutt. Men nei. I delstaten Karnataka i sør, tidleg i mai 2021: Eit ungt medlem av parlamentet, Tejasvi Surya frå BJP, går inn i eit covid-19-senter.

Artikkelen fortsetter under annonsen.

Blant 205 tilsette finn han 16 muslimske namn. Det er desperat mangel på sjukehussenger og oksygen. Mange får aldri ei seng.

Surya hevdar – utan fnugg av prov – at dei 16 muslimane har svindla til seg oksygen og sjukehussenger og at det har kosta hinduar livet. BJP karakteriserte på Twitter dei 16 som «medisinske terroristar» som hadde «teke liv utan å sprengja bomber».

Dei 16 muslimane blei pressa ut av jobbane sine, men fekk dei etter kvart tilbake. I ettertid har BJP teke avstand frå aksjonen.

Tejasvi som over tid har prøvd å gjera seg til redningsmann for hinduismen, bad om orsaking, men skulda på at han hadde fått ei liste over folk som skulle ha gjort noko gale.

Kriminaliserer konvertering

Angrepa mot kristne har heller ikkje teke pause. Fram til midten av mai hadde Det evangeliske kyrkjefellesskapet EFI i år registrert 120 valdsangrep. Angrep mot kristne skjer mest i landsbyar og på landsbygda.

Åtte indiske elstatar har innført lover som i praksis kriminaliserer alle konverteringar frå hinduismen til kristen tru.

Med desse lovene i handa går hinduekstreme mobbar til angrep på pastorar, kyrkjer og kristne landsbyar. Dagen før eg snakka med Vijayesh Lal, vart far til ein pastor drepen – for trua si.

Rapportane som stogga

Ein eigen kommisjon under EFI publiserer årsrapportar og fortløpande rapportar om valdsangrep på kristne. Men 1. mars stoppa brått rapportane på heimesidene til EFI.

Artikkelen fortsetter under annonsen.

Dette skuldast ikkje berre at leiinga i EFI måtte bruka det meste av kreftene på å mobilisera hjelp under pandemien.

Publiseringa av valdsrapportar blei sett på vent også av ein annan grunn. Ein leiande figur i regjeringspartiet BJP melde nemleg generalsekretær Vijayesh Lal til politiet.

Kyrkjeleiaren vart skulda for landsforræderi og for å ærekrenkja India. Difor tok dei pause i rapporteringa. Men framleis vert rapportar samla, og publisering kjem tilbake.

Nye angrep mot muslimar

Gjennom 2020 er lovene som kriminaliserer konverteringar, i fleire delstatar blitt utvida til også å ramma muslimar som gifter seg med hindu-kvinner.

Dei hatefulle kreftene har brukt pandemien målretta. På den andre sida stiller kristne, sikhar og muslimar opp for kvarandre, utan omsyn til tru.

Dei vert skulda for «kjærleiks-jihad» mot det hinduistiske India. «Sjølv kjærleik er no tabu», seier ein opprørt kyrkjeleiar Lal.

Dei hatefulle kreftene har brukt pandemien målretta. På den andre sida stiller kristne, sikhar og muslimar opp for kvarandre, utan omsyn til tru.

Dei hjelper sjuke, fraktar folk til sjukehus og skaffar oksygen. Brorskap får utfolda seg under katastrofen. «Då har ikkje hatet heilt slege rot», seier kyrkjeleiar Lal.

Ser likevel håp

Som altså ser håp: «Gud går ikkje frå India i den håpløysa og det mørket landet er i no. Og trass i forfølging, held kyrkja fram med å arbeida og elska. Alt dette gjev håp.»

Artikkelen fortsetter under annonsen.

Det er vårt ansvar å støtta dei.