UTVATNA FLAGGLOV: I mai 2021 stemte KrF ja til utvatning og endring av flagglova slik at kommunar kan flagge med regnbogeflagget eller andre aktivistflagg når kommunane måtte ønske det.

KrF-kompromiss gir uheldig retning

Mange menneske er i tvil om kva parti dei skal gi si stemme til ved det komande stortingsvalet. Då er det viktig å heve blikket og sjå etter kva partia stemmer for i konkrete saker og korleis partia ter seg i Stortinget ved avstemmingar og ikkje kva dei seier dei vil oppnå.

Alle parti har gode og mindre gode politiske standpunkt. I eit eventuelt regjeringssamarbeid vil parti måtte inngå kompromiss, og desse kompromissa vil ofte bidra til at landet utviklar seg i ei uheldig retning.

Artikkelen fortsetter under annonsen.

Det faktum at kompromiss blir inngått blir ofte ikkje formidla til samfunnet tilstrekkeleg ope, og veljarane vil dermed gjerne ha vanskar med å oppdage dei faktiske politiske realitetane.

Det at eit parti er i kamp med sperregrensa er ikkje i seg sjølv eit argument for å støtte det partiet. Det vesentlege er kva politikk partiet konkret vil komme til å presentere og stå for i tida framover.

KrF er i dag i ein situasjon som nemnt over og ber om veljarstøtte. No har partiet kome i ein vanskeleg situasjon gjennom uklar politikk over fleire år. KrF er tilsynelatande på veg nedover og Partiet de Kristne (PDK) er derimot på veg oppover. Vi kan trygt overlate til veljarane å gjere eit riktig val i september for eit Noreg på veg inn i framtida.

Tilbake i 2014 fekk organisasjonen FRI og undervisningsprosjektet Rosa kompetanse støtte over statsbudsjettet med tilslutning frå KrF. PDK er sjølvsagt kategorisk imot at Rosa kompetanse skal inngå i læreplanen i barnehagar og skular. Rosa kompetanse inneheld radikal kjønnsideologi, og har dermed ingenting i opplæringssamanheng å gjere.

I 2017 var KrF medansvarleg for ei skjerping og utviding av diskrimineringslova sitt virkeområde til og å omfatte familien. PDK ønsker å reversere denne utvidinga i diskrimineringslova.

Det at eit parti er i kamp med sperregrensa er ikkje i seg sjølv eit argument for å støtte det partiet.

Tilbake i 2020 vart straffelova paragraf 185 og forbodet mot hatefulle ytringar utvida til også å inkludere seksuell orientering, kjønnsuttrykk og kjønnsidentitet. KrF støtta denne utvidinga og kriminaliserte dermed i prinsippet forkynning av kristen samlivsetikk og skapartru. PDK ønsker å fjerne dette tillegget i paragraf 185.

I mai 2021 stemte KrF ja til utvatning og endring av flagglova slik at kommunar kan flagge med regnbogeflagget eller andre aktivistflagg når kommunane måtte ønske det. PDK meiner at berre det norske flagget skal vaie frå offentlege flaggstenger og at lovverket ikkje bør flyttast ned til kommunale vurderingar.

Det er vesentleg at veljarane ved det komande valet ser at det er forskjell på dei ulike partia, og at det ikkje er likegyldig kva ein stemmer. Valet ditt kan utgjere ein forskjell.