KrF-leder Knut Arild Hareide talte for partiets landsstyre fredag. Foto: Håkon Mosvold Larsen / NTB scanpix

KrF: Heil ved og godt råd

I Knut Arild Hareide sin tale ser vi ein politisk leiar av eit format som eg verkeleg har lengta etter å sjå i norsk politikk.

Knut Arild Hareide hadde ein glitrande tale til Landsstyret. Det er faktisk alle samde om, uavhengig av om ein deler synet på konklusjonen. Det betyr at det er noko i dette partiet som er viktigare enn kven ein dannar fleirtal saman med.

Partiet skal ha ekstraordinært Landsmøte; det gjer at medlemmane framleis er tett på i det valet som skal gjerast. Men mi bekymring er at dersom vi ikkje følgjer leiaren vår sitt råd, så tar vi steget vekk frå å definere oss som sentrumsparti. Viss KrF, i denne situasjonen, vel å gå i samarbeid med fløypartiet FrP, så har vi i realiteten valt side for lang tid.

Artikkelen fortsetter under annonsen.

I alle år har KrF sagt at vi som sentrumsparti kan samarbeide begge vegar. Dersom det ikkje gjeld, slik at det opnar for å teste ut forhandlingar med eit anna sentrumsparti og Ap eingong, då er ikkje den lovnaden mykje verd.

Derfor må dei som krev samarbeid med dagens regjering, og ny leiar for KrF, kome med dei politiske argumenta. For mange held det ikkje å vise til historiske antipatiar mot sosialisme.

Ver konkrete på saker og samfunnstrendar, det vil vere viktig for korleis vi som parti skal gå nokolunde samla vidare etter landsmøtet!

I Knut Arild Hareide sin tale ser vi ein politisk leiar av eit format som eg verkeleg har lengta etter å sjå i norsk politikk. Ein leiar som tør å stå for det han meiner er best, ikkje for seg sjølv; men for framtida til landet og for det partiet han leiar.

Å skifte ut ein slik leiar, vil vere det største bomskotet som kan gjerast. Men det vil truleg likevel vere konsekvensen av å velje ein politisk retning gjer KrF til eit konservativt og borgarleg parti.

Så blir spørsmålet framover om det går an å halde på sentrumsprofilen, og vere open for at den ikkje for all framtid er knytt mot høgre-sida, viss partiet no vel samarbeid med sittande regjering.

Eg kjente entusiasme etter talen! Entusiasme er det som gjer at vi kan styrke oss.

Les også
VG: Hareide og Støre i flere fortrolige samtaler
Les også
Helt uenig med KrF-lederen
Les også
Et historisk skifte for KrF?
Les også
Vestlandsfylker delt i samarbeidsspørsmål
Les også
Venstresvingen splitter i KrF
Les også
Kampen i KrF er i gang