OMSORG: Som eit av fleire tiltak for å lette kvardagen for pårørande, vil det å kunne ha rett på nokre dagar betalt fråvær, både vere ei konkret utstrekt hand frå samfunnet, skriv Anne Kristin Bruns.

KrF føreslår betalte pårørandedagar

I dag utfører pårørande nesten like mykje privat omsorgsarbeid som dei profesjonelle i kommunale omsorgstenester. KrF meiner at det bør innførast rett til ti betalte pårørandedagar på same måte som omsorgsdagar for barn.

KrF er opptekne av at vi vil ha eit aldersvenleg samfunn. Som eit av fleire tiltak for å lette kvardagen for pårørande, vil det å kunne ha rett på nokre dagar betalt fråvær, både vere ei konkret utstrekt hand frå samfunnet og vise vilje til å setje pris den store jobben pårørande gjer.

Artikkelen fortsetter under annonsen.

Pårørandedagane vil vere ein del av rettigheitene som følgjer arbeidsforholdet og vil vere mogleg å kunne inkorporerast i gjeldande lovverk og system. Som ein velkjent og innarbeida ordning vil den også vere enkel å ta omsyn til både for arbeidstakar og arbeidsgjevar.

Dette vil kunne gjere det enklare å kombinere lønna arbeid og omsorg overfor hjelpetrengande i familien, for både kvinner og menn.

Pårørandedagar kan vere ei hjelp i ein krevjande situasjon. Der pleiebehovet er større og går over lengre tid, vil det vere andre tiltak som vil være aktuelle, som til dømes økonomisk kompensasjon som omsorgsløn og pleiepengar.

Nyleg møtte eg ei kvinne som fortalde at ho hadde gått ned i stilling for å hjelpe sine foreldre med mellom anna legebesøk og frisør. Undersøkingar viser at 20 prosent av pårørande har gått ned i stillingsprosent, 14 prosent har bytta til mindre krevjande jobb, mens 8 prosent har slutta i jobben.

Veldig mange pårørande ender opp med sjukemelding i kortare eller lengre periodar.

Noreg er svært avhengig av omsorga som pårørande gjev, og med den demografiske utviklinga i åra framover vil dette behovet auke meir og meir.

Det er difor svært viktig at den økonomiske kompensasjonen blir styrka, og pårørandedagar vil vere eit viktig steg i rett retning.