OMSORG: Norge er avhengig av omsorgen som blir gjeve av pårørande og med den demografiske utviklinga i åra framover vil dette auke, skriv Astrid Aarhus Byrknes og Ingvill Kvalsnes Blom.

KrF foreslår betalte dagar for pårørande

I dag utfører pårørande nesten like mykje privat omsorgsarbeid som dei profesjonelle i kommunale omsorgstenester gjer. KrF meiner det bør innførast rett til 10 betalte dagar for pårørande på same måte som omsorgsdagar for barn.

Som eitt av fleire tiltak for å lette kvardagen for pårørande vil det å kunne ha rett på nokre dagar betalt fravær, både vere ei konkret utstrakt hand frå samfunnet og vise vilje til å anerkjenne den viktige jobben pårørande gjer.

Ordninga skal vere ei statleg, skattefri ordning kor nære pårørande kan få økonomisk bidrag for å ta ein større del av omsorgsoppgåva for eldre utanfor institusjon.

Artikkelen fortsetter under annonsen.

Dagar for pårørande kan vere ei hjelp i ein krevande situasjon. Der pleiebehovet er større og går over lengre tid vil det vere andre tiltak som vil være aktuelle, til døme økonomisk kompensasjon som omsorgslønn og pleiepengar.

Undersøkingar viser at 20 prosent av pårørande har gått ned i stillingsprosent, 14 prosent har bytta til mindre krevande arbeid, medan 8 prosent har slutta i arbeid. Mange pårørande ender opp med sjukemelding over kortere eller lengre periodar.

Norge er avhengig av omsorgen som blir gjeve av pårørande og med den demografiske utviklinga i åra framover vil dette auke. Dagar for pårørande vil vere gjere at den økonomiske kompensasjonen vert styrka og vere eit viktig steg i rett retning.