KORONA: Vi skal ikkje romantisera over koronaen og lata som om dette er ei kjærkommen øving i måtehald. Koronaen er ei ulykke, ein øydeleggande invasjon. Mange mistar ikkje berre tryggleiken, men også livet, skriv Halvor Nordhaug. 


Koronatid og påsketid

Kanskje er koronaen det næraste vi som folk skal komma noko som minner om krigen? Er dette i så fall den sjansen vi får til ein type kollektiv nyorientering?

Eg hugsar godt at mor ringde meg 8. mai 1995 på 50-årsdagen for frigjeringa. Med litt skjelvande stemme sa ho: «Den gleda den dagen, den utrulege gleda kjem eg aldri til å gløyma, og du aldri til å forstå.»

Vi som er fødde etter krigen, har som gruppe aldri opplevd noko som ein gong minner om det krigsgenerasjonen opplevde. Dei skulle nok gjerne vore utan den erfaringa. Men fekk òg oppleva den jublande gleda og takksemda over fridommen som vende tilbake etter fem år med okkupasjon.

Artikkelen fortsetter under annonsen.

Vi etterkrigsborn har aldri kjent eit slikt vedvarande mørke, og har derfor heller aldri fått oppleva ei tilsvarande grensesprengande glede. Vi er dei første generasjonane i Noreg som har vakse opp nesten utan friksjon, med jamn vekst og stadig kortare avstand mellom ønske og oppfylling.

Det har gitt oss eit liv tidlegare generasjonar berre kunne drøyma om. Men vi har ikkje fått den treninga i karakterstyrke, moral og takksemd som kan, men ikkje nødvendigvis må, følgje av sakn og avkall.

Kanskje er koronaen det næraste vi som folk skal komma noko som minner om krigen? Er dette i så fall den sjansen vi får til ein type kollektiv nyorientering?

Vi skal ikkje romantisera over koronaen og lata som om dette er ei kjærkommen øving i måtehald. Koronaen er ei ulykke, ein øydeleggande invasjon.

Mange mistar ikkje berre tryggleiken, men også livet. Og fleire hundre tusen er påførte store økonomiske tap, og fryktar at arbeidsplassen ikkje vil vera der når denne tida er over.

Men ut av dette kan det òg komma noko nytt og godt. Vi merkar kanskje at noko av det som krigen brakte i kjølvatnet sitt, ein klarare moralsk bevissthet og ei ny fellesskapskjensle, også spirer nettopp no.

Framfor meg på skrivebordet ligg ein lapp som eg fann i postkassa med overskrifta «Kjære naboer». Det er gruppa «Folk som hjelper hverandre – Landås», som inviterer til å melda frå på Facebook både om behov for hjelp og om tilbod om teneste. Slikt skjer svært mange stader no. Det gir håp.

Denne nye mentaliteten, prega nettopp av omsorg om fellesskap, minner om dagane etter 22. juli 2011. Men kor lenge hang det eigentleg i den gongen? Kan vi håpa at det skal gå djupare inn no? At vi når dette er over, framleis har blikket for kvarandre, solidariteten og omsorga for dei svakaste mellom oss?

Artikkelen fortsetter under annonsen.

Og kan vi òg håpa at vi vil kjenna meir takksemd over det å komma saman, ha eit arbeid, eit oppegåande helsevesen og politiske leiarar som vi faktisk kan ha tillit til? At dei jamne og alminnelege tinga som før berre var der, og derfor ikkje eigentleg vart sett, kan lysa med sterkare glød?

Vi har nett feira påske. Enno ein gong har vi, men denne gongen ikkje i kyrkja men via media og nettet, følgt Jesus gjennom liding til seier. Det som såg ut som berre død og ulykke, viste seg å vera ein overgang til noko nytt og betre.

Forteljinga om Jesus som døydde og stod opp igjen er det store sentrumet og det bankande hjartet i den kristne trua. Ei forteljing om forsoning, oppstode og håp om eit evig liv.

Men dette er òg ei grunnforteljing som har prega kulturen vår og som har noko å seia oss, uansett kva forhold vi har til kristendommen. Påskeveka seier oss noko som faktisk ikkje er sjølvsagt: Alt er ikkje bestemt av ein ukjend lagnad, til å gå i ein uendeleg sirkel, eller i ein hellande nedoverbakke mot ulykka.

Gud er ikkje årsak til det vonde, men kjemper imot alt som øydelegg livet. Sjølv i koronaens tid, ja ikkje minst no, kan vi synge den gamle songen: «He’s got the whole world in his hands».

Det gjer mot og framtidstru. Gud held verda i si hand. Livet har ei retning, eit mål og ei framtid. Det er håp om forandring og nye sjansar.

Men for å snu til det vonde til noko godt treng Gud våre hovud, hjarte og hender. Så lat oss no gripe denne spesielle augneblinken i vår tid, stoppa opp, bli stille og ta inn over oss at vi er ved eit vegkryss. Kvar skal vi gå vidare herfrå? Skal alt bli som før?

Vi kan allereie no byrja å tenka på kva vi kan læra i koronatida. Kva er blitt viktig for oss fordi vi må sakna det? Og korleis kan vi, når unntakstida er over, leva slik at det beste herfrå blir med oss vidare?