MORLAND: Egil Morland er professor emeritus ved NLA Høgskolen.

Korleis få dei døypte til å bli i kyrkja?

Gudstenestestatistikken for Den norske kyrkja gjekk sjølvsagt ned i 2020, med om lag 60 prosent.

Sjølv om ein reknar med alle som «deltok» på digitale gudstenester og legg dei til dei om lag 2,3 millionar som faktisk tok del (mot 1919: 5,2 mill.), så er nedgangen stor.

Artikkelen fortsetter under annonsen.

Då er det interessant at nedgangen i talet på døypte var under 10 prosent. I somme kyrkjelydar auka faktisk dette talet.

Det tyder på at dåpen som tradisjon, høgtid og nedervd rite til ein viss grad lever sitt eige liv, uavhengig av ordinær gudstenestepraksis; uavhengig av at vi ved dåpshendinga og -handlinga — i teologisk forstand — vert «lagt til kyrkjelyden».

Det er ikkje noko nytt. Det er ein hovudverk som dei fleste kateketar, prestar og sokneråd slit med som ei permanent liding: Korleis få dei døypte, og endå meir: foreldra deira, til å bli i denne kyrkja som tek så nådefullt imot dei?

Men no har vi i pandemiens sosiologi-laboratorium fått demonstrert at avstanden mellom den faktiske og den intenderte kyrkjelyden er som før.

Eller, eigentleg ikkje nett som før, for det er berre ein svak samvariasjon mellom grafane (gudstenestedeltaking og dåpsprosent), slik ein statistikar kanskje ville ha ordlagt seg.

Kyrkja har også gjort andre røynsler, også dei eit slags paradoks fordi dei ikkje samsvarar med «teologien». Annleis sagt: Terrenget oppfører seg ikkje lydig mot kartet.

Eg tenkjer på at ganske mange har fått gode opplevingar av praksisen med «privatdåp» i kyrkjerommet: Det blei varmare, større fokus på «oss» og færre nervar for ikkje å oppføra seg korrekt — slik mange kyrkjeframande kjenner det til vanleg.

Det vart ikkje stussleg og tomt, slik folk kunne oppleva det tidlegare, når dåp av ulike grunnar vart gjennomført etter ei gudsteneste. Nei, det blei personleg, intimt og høgtideleg.

Artikkelen fortsetter under annonsen.

Igjen: Då er vi temmeleg langt vekke frå idealet om at når dåp skjer i gudstenesta, så er det kyrkjelyden som feirar at ein ny borgar vert ført inn «i vår kyrkjelyd og i den verdsvide kyrkja».

Korvidt dette er eit paradoks, veit eg ikkje. Men kyrkja bør i alle fall ikkje lata «som om intet har hendt» (for å låna ein god boktittel). Den bør ikkje neglisjera erfaringane mange har hatt i denne tida.

Kan det kanskje koma noko godt ut av dette? Erfaringane bør takast på største alvor. For det er ikkje berre dåpsfølget som har kjent på ubehag.

I kyrkjer i utbyggingsstrok er det ofte slik at flittige kyrkjegjengarar, og særleg barnefamiliar, kjenner at tolmodet vert sett på prøve når dåpsdelen tek halve tida av ei gudsteneste.

Eit siste aspekt til slutt: Vi kan forstå at eit bryllaup vert utsett når koronareglar trugar festen som var så godt planlagt. Men dette siste året har også dåpen blitt utsett — ofte av same grunn.

I tidlegare tider var parolen at dåp burde skje så snart det var helsemessig forsvarleg å ta den vesle ut av heimen. Om ikkje sjukdom eller andre presserande grunnar hindra dåp, så var det uhøyrt å vente mange månader på den heilage handlinga.

Kva betyr det for kyrkja si forkynning om at dåpen er nødvendig — til frelse?