HJEMMETID: Barn holdes hjemme når skoler og barnehager holder stengt over hele lander på grunn av koronaviruset.

Kjære foreldre, det er ikkje flaut å be om hjelp

Vi har gått frå å vere saman med borna nokre timer kvar dag, til å vere i same heim nesten heile dagen. Ingen forelder skal skamme seg for å kjenne på at det kan vere utfordrande.

Som mor til fire barn veit eg at kvardagen kan røyne på. Det hendte at eg berre måtte ut å lufte meg for ikkje å bli alt for sint, eller brøle i frustrasjon. Særleg gjaldt dette då det var fleire dagar utan god nattesøvn, eller rutinane våre hadde blitt endra.

I desse dagar opplever foreldre at dei faste rutinane har endra seg drastisk. Frå å vere saman som familie nokre timar kvar dag, er ein no saman stort sett heile dagen. For mange kan det vere eit lyspunkt å vere meir saman.

Artikkelen fortsetter under annonsen.

Man får sjå borna meir enn vanleg, og ein har funne løysningar på den nye kvardagen som fungerer godt for sin familie. Som ei velsigning, om ein kan seie det slik.

For andre kan det vere meir utfordrande. Det kan vere foreldre som til dagleg klarer kvardagen heilt fint, men som no opplever at dagane er uoversiktlege og prega av kaos.

Ein kan oppleve seg som ein dårleg forelder fordi ein ikkje heilt klarer å hjelpe med leksene på ein god måte, samtidig som ein har heimekontor. Ein klarer ikkje å lage gode rutinar eller å få til ein god dialog med ungdommen som sit på rommet og er på nettet heile dagen. Korleis starte samtalen? Kva spør eg etter?

Då er det viktig for meg å seie: Det er ikkje flaut å kjenne på å kome til kort. Faktisk kan det vere heilt naturleg.

Ein skal ikkje vere flau over å bruke hjelpesystemet eller finne nokon å snakke med. Enten det er dei mange hjelpetelefonane, ei helsesøster, lærar, barnehagelærar eller ein annen ein har tillit til.

Då eg stod midt oppi min frustrasjon oppsøkte eg eit lågterskeltilbod der eg kunne lette på trykket. Her fikk eg treffe vanlege folk som gjerne hadde levd litt lenger enn meg, og som kunne hjelpe meg å kome vidare. Det var godt.

Eg brukte også nettverket mitt, sjølvsagt med omhug, og eg var heldig som hadde eit nettverk. I ei særleg vanskeleg tid med sjukdom i heimen, oppsøkte vi også det offentlege hjelpesystemet der vi fekk god hjelp.

I dag finnast det samtaletilbod for foreldre som er gratis. Vi har det offentlege hjelpetilbodet, men det har også blitt oppretta fleire telefontenester via Frivilligsentralen, Røde kors, Kirkens SOS og IMI-kirken. Stine Sofies stiftelse har også ein døgnopen foreldresupport-telefon der ein kan ringe for å lufte sine tankar, og få gode råd for til dømes korleis meistre sinne.

Artikkelen fortsetter under annonsen.

Mange frivillige står klare for å hjelpe. Bruk dei! Det kan vere vanskeleg å spørje om hjelp, men om det kan hjelpe deg og din familie, er det veldig viktig å gjere.

Ingen skal skamme seg for å kjenne på at denne tida kan vere utfordrande, og ingen skal skamme seg for å be om hjelp til handtere den nye kvardagen som kom så brått på oss alle. Eg seie #heiaforeldre.