LOKAL BISTAND: Med hjelp frå bidrag frå enkeltpersonar kan hjelpegrupper dele ut matpakkar til familiar som er ramma av arbeidsløyse og fattigdom. Her er Grupo Amigos da Fé (Troens venner-gruppen) på vei til utkanten av Morro do Meio-nabolaget i Joinville, Brasil.

Kan eit dødelig virus også lage lyd for evangeliet?

Eg har respekt for at Gud gir syner og teikn, men det er lett å gløyme at også Meisteren sjølv tala om dei siste tider slik at vi skulle vera førebudd.

Flagget er tatt inn, men sjølv er eg ikkje ferdig med 17. mai feiringa endå. Gleda og takksemda over eit land som tek ansvar for sine landsmenn er stor.

Knapt nokon nasjonaltale har vert sterkare enn den som vart innleia 12. mars. Grunna eit stort oljefond, kunne Regjeringa ta omsyn til alle. Dokumenterte nyheiter døgnet rundt dempa uroa. Noreg tok Gull!

Artikkelen fortsetter under annonsen.

Men andre tankar sneik seg inn: Talar Gud til oss nå, straffer Han oss, ser vi vår neste?

Sjølv skal eg ikkje lengre attende enn til romjula, då ein utlending kom på vitjing fortalte om ein profeti han hadde fått. Det vil snart koma noko som rammer norsk økonomi, også verdsøkonomien. «Gud er harm avdi Han ikkje er prioritert». Eg vart veldig skeptisk, og uttrykte det.

Så kom koronaviruset, og nå fløymer det av profetiar. Eg har respekt for at Gud gir syner og teikn, men det er lett å gløyme at også Meisteren sjølv tala om dei siste tider slik at vi skulle vera førebudd. Kva skal vi forstå? At Han er der og har kontroll.

Vi har fått eitt utsegn på kva tid han kjem att: «…dette evangeliet om riket skal forkynnast i heile verda til eit vitnemål for alle folkeslag, og så skal enden koma.» (Matt 24,14.) Dette er oppdraget som alle truande skal vera med på å oppfylle!

Det kan sjå ut som at koronaepidemien har gitt oss kristne fellesferie. Gudshusa er stengt, skular er ufullførte og misjonærane kalla heim.

Kva er vår arbeidsoppgåve nå?

Full nedstenging i alle land, vil ta knekken på viruset, slik at det ikkje kjem i retur. Dette skaper tryggleik hjå oss, men hjå dei som lever frå hand til munn er det svolt. Er det noko statistikk over dei som svelt i hel? I sanning er dette ei utfordring som set oss alle på prøve.

Ingeniøren Sabrina i Rio de Janeiro har også heimekontor. Ho feira nettopp fødselsdag, gåvene vart matpengar til fattige.

Artikkelen fortsetter under annonsen.

Landet er på grensa til borgarkring i spørsmålet om korleis dei møter pandemien. Nokre pastorar forkynner at Guds velsigning fylgjer dei som utfører sitt arbeid. Utan smittevern går dei ut, vert smitta og dør.

Brasil er nå på verdstoppen over døde, over 50 millionar er i økonomisk krise. Det mest skremmande er korrupsjonen, dei som kan firedobla prisen på varene.

Sjølv kviler Sabrina i trua på at Gud er allmektig, og at vi alle er ansvarleg for vår sjel. Ho minner om at Paulus brukte si karantenetid (fengselet) til å skrive brev til nye kristne.

I Den dominikanske republikk snakka eg med Berenice, ambulansesjukepleier som er utan oppdrag nå under portforbodet. Mange er smitta og døyr, gravlegginga skjer innan to timar. Fattige slit med å få mat. Lokale kyrkjer freistar dele ut ris og olje. Karantenetida er forlenga.

Tre norske studentar frå Bibelskolen i Grimstad hadde praksis hjå desse fattige familiane. Men måtte dra heim i all hast. Dei kan ikkje gløyme sine venner, og utfordrar eiga lommebok, samt nærfamilien og har sendt pengar. Modige Mirka har fått løyve til å gå utanom portforbodet. Ho kjøper inn mat og deler ut. Det nærmar seg eit brødunder når det framleis er pengar til dagsrasjonar.

David Lim frå Manila, fortel også at der tek kristne del i matutdeling.

Åndelig føde får folket via mobiltelefonar, men sidan dei har lov til å samlast i små grupper, veks huskyrkjer fram.

Faren nå er at forretningsfolka har fått smaken på dobbel betaling for matvarer.

Artikkelen fortsetter under annonsen.

David har god kjennskap til kinesiske kristne og fortel at det var ein kristen augespesialist i Wuhan som fyrst melde frå om covid-19 viruset . Han vart fyrst fengsla fordi dette skulle haldast hemelig, men kom ut og arbeidde med dei virussmitta inntil viruset tok også han.

Ei lita melding til Heru i Surabaya: «Du kjenner ikkje oss i Indonesia om du trur vi sit heime. Heile familien min arbeider med å produsere og sende ut kristen musikk».

Pinsehøgtida står for døra. Kva var det som samla folkemengda i Jerusalem og gav disiplane eit publikum? Lyden av ein sterk vind.

Kan eit dødelig virus også lage lyd for evangeliet?