LEVANDE: Då NMS vart starta, var fokus retta mot unådde folkeslag i Afrika. Arbeidet har bore frukter, og vi opplever veksande og levande kyrkjer på dette kontinentet. Kyrkjene vi samarbeider med både på Madagaskar og i Etiopia opplever stor vekst, skriv Kari Skår Sørheim. Biletet er frå generalforsamlinga i 2008.

Justert kurs

Når NMS-skuta samlast til Generalforsamling i Oslo 2.-6. juli vil vi utfordrast til å justera kursen – mot Midt-Austen, Nord-Afrika og Europa. Mot det kontinentet der kristendomen si vogge sto.

Det Norske Misjonsselskap(NMS) har hatt mange visjonære og dyktige misjonskvinner og -menn. Personar med draumar, visjonar og gjennomføringskraft.

Louise Olsen frå Bergen står i ein særklasse. Denne bergenskvinna hadde ein draum som ho klarte å skapa begeistring og engasjement for! 23. mai 1864 vart draumen sjøsett frå Bryggen i Bergen, og misjonsskipet Elieser segla med misjonærar til og frå Sør-Afrika og Madagaskar i 20 år! For eit vågemot!

Artikkelen fortsetter under annonsen.

Då NMS vart starta, var fokus retta mot unådde folkeslag i Afrika. Arbeidet har bore frukter, og vi opplever veksande og levande kyrkjer på dette kontinentet. Kyrkjene vi samarbeider med både på Madagaskar og i Etiopia opplever stor vekst, det same skjer i andre afrikanske land sør for Sahara. Vi erfarer også stor vekst i kyrkjene i Sør-Amerika og i delar av Asia, og i dag er det er på desse kontinenta den kristne kyrkja opplever størst vekst!

Les også:Sterk nedgang i antall NMS-misjonærer

NårNMS-skuta samlast til Generalforsamling i Oslo 2.-6. juli vil vi utfordrast til å justera kursen – mot Midt-Austen, Nord-Afrika og Europa. Mot det kontinentet der kristendomen si vogge sto, og mot kontinentet som i sterk grad har vore med å formidla evangeliet til Afrika og Asia. Eit paradoks, men eit faktum.

NMS har alt starta arbeid i desse nye områda, og vi blir vi utfordra til å intensivera. Vi står i eit viktig kyrkjelydsbyggjande arbeid i Estland, eit land ein times reise frå Norge der berre åtte prosent definerer seg som kristne, og der det kostar å vedkjenna seg som kristen. Her opplever kyrkjelydane vi støttar vekst, og fråvær av tru blir bytta med tru og dåp!

Se hva som skjer i kristen-Norge i sommer: Stevneguiden.no

I England satsar vi på arbeid mellom unge som er framande for kristen tru – Vi er med og plantar nye kyrkjelydar, og driv ungdomsarbeid mellom ein til dels avkristna generasjon. I Paris er vi med på å etablera ein ny protestantisk kyrkjelyd med fokus på innvandrarar og unge vaksne. Vi erfarer også at arbeidet i Europa gjer oss til samarbeidspartar med våre søsterkyrkjer frå sør, slik vi har opplevd det med internasjonalt team i England. Dette gjev nytt perspektiv, engasjerer unge i Norge, og vi opplever oss som samarbeidspartar for evangeliet i Europa. I Midt-Austen er vi engasjerte i mediarbeid, eit viktig verktøy for formidling av tru og håp!

Utvikling av dette arbeidet vil ha fokus på årets generalforsamling, og vi treng nye visjonære «Louise Olsen-tankar».

Eit slikt fokus vil også føra NMS inn i debatt om misjonsarbeid i Norge, som opplever at dei same avkristningstendensar som i Europa, gjer seg gjeldande. I Oslo har vi eit misjonærpar frå Brasil. Nettverket for misjonale kyrkjelydar i Norge er eit veksande nettverk for utvikling og etablering av kyrkjelydar i Den norske kyrkja.

Artikkelen fortsetter under annonsen.

Det tradisjonelle NMS-arbeidet i Norge er ein viktig føresetnad for arbeidet vi driv i andre land. Det er eit faktum at talet på tilsette er redusert, og at oppslutnad om arbeidet skulle vore større. Det er likevel ein formidabel innsats som blir lagt ned i foreinings- og leirarbeid, i kyrkjelydar og på gjenbruksbutikkar. Å sjå at tiltak for yngre grupper nyttar, er til inspirasjon. NMS har alt å vinna på å lytta til den unge generasjonen, dei er born av den nye tida, og kjenner den best!

Som kristne i Norge blir vi utfordra til å leva misjonalt og til å vera ein motkultur til det materialistiske og individualistiske samfunnet vi lever i. Vi må våga å satsa på, og forsaka noko for misjon, ikkje berre gje av vår overflod! Vi må overgje våre liv til teneste for Kristus! Som Louise Olsen må vi stå opp for draumen, kallet og visjonen og ikkje gje oss før «skuta er i hamn».