DANIELSEN: Det er verd å merke seg at tilrådinga frå fylkesrådmannen var positiv til å la Danielsen vgs opprette yrkesfag, skriv Trude Brosvik. På biletet ser vi dagleg leiar Asle Ystebø i Egill Danelsen stiftelse.

Ideologisk kamp om friskular

Det som er spesielt er når fylkestinget i saka etterpå takkar nei til at Danielsen vgs får opprette klassar i yrkesfag. Altså nett det fylket har bruk for og det ungdomane vil ha.

Vestland fylkesting behandla i førre veke to viktige skulesaker: Å opprette fleire yrkesfagklassar i Bergen og søknad frå Danielsen vgs om å opprette to nye yrkesfagklassar. Dette skulle eigentleg vore «hand i hanske» for fylket, men den gong ei!

Nytt inntakssystem, samt at ungdom i større grad vel yrkesfag, viser at det er for få yrkesfag-klassar i Stor-Bergen. Og det er full semje om å opprette fleire klassar, for det er ikkje betre for ein ungdom i Bergen å flytte på hybel enn ein i distriktet.

Artikkelen fortsetter under annonsen.

Men av økonomiske årsaker, og fordi vi ikkje har anna enn prognosar å støtte oss på, så opprettar vi pr no berre primært seks klassar, men med opning for fleire.

Det som er spesielt er når fylkestinget i saka etterpå takkar nei til at Danielsen vgs får opprette klassar i yrkesfag. Altså nett det fylket har bruk for og det ungdomane vil ha.

Men politisk vil ein det ikkje, dels på grunn av ideologi og dels fordi ein er uroleg for styringa av fagtilbod og læreplassar.

For KrF er det opplagt at Friskulelova, som bygger på menneskerettane, skal leggast til grunn.

Ho er eit forlik mellom Ap, SV, Sp (den raudgrøne regjeringa i 2007) og KrF, som balanserer foreldreretten, valfridomen og det offentlege sitt behov for styring. Men diverre, i debatten sa Ap rett ut at dei representerte Vestland Ap og dei var ikkje samde i det forliket. (!)

At SV og Raudt var mot, er i samsvar med programmet, så det er greitt. Sjølv om Raudt tidlegare har klaga friskulane for at dei berre tar inn «billegaste» elevane (studiespes) og ikkje tilbyr yrkesfag.

Det blir litt «damn you if you do, and damn you if you don't». Rarare var det at Sp, V og MDG, som er positive til friskular i programmet, stemte mot (minus ein frå Sp).

Ei samrøystes og negativ yrkesopplæringsnemnd blir nytta som argument for det.

Artikkelen fortsetter under annonsen.

Økonomisk argument vert også nytta. Men sanninga er jo at friskulane driftar for 85 prosent av det fylket får pr elevplass for dei samme elevane.

Det er viktig for KrF å seie at vi skil mellom friskular, som er ideelle og non-profitt, og kommersielle private skular.

I klartekst betyr det at dei som stemte mot, heller vil bruke meir av det som no går til alle skulane, til dei 95 skuleplassane. I saka er ein skuleplass på Danielsen rekna til 105.000,00.

Offentlege tal syner at i 2017 kosta ein skuleplass i Hordaland i snitt kr 160.000,00, med eit tillegg (snitt) på 27.300,00 for yrkesfag.

Det er verd å merke seg at tilrådinga frå fylkesrådmannen var positiv til å la Danielsen vgs opprette yrkesfag. Og då var jo både praktiske og økonomiske vurderingar lagt til grunn. KrF, H og Frp fremma oppatt den tilrådinga.

Det er viktig for KrF å seie at vi skil mellom friskular, som er ideelle og non-profitt, og kommersielle private skular. Det er veldig viktig å halde på ein sterk og felles offentleg skule, men også å tilby eit supplement for dei som ønskjer det.

Vi syns også det er bra at kristne organisasjonar engasjerer seg innan skule og gir slike tilbod. Det gir ein tilleggsdimensjon, og «utdannar» nok også mange leiarar til kristent arbeid td blandt born og unge. Det er ein sjølvstendig verdi.

På samme måte som vi trur det er rett som Danielsen vgs seier, at dei har søkarar som både ønskjer og burde gå på yrkesfag, men somvel studiespesialiserande, fordi dei vil gå på ein kristen skule.

Så ja, der er framleis ein ideologisk kamp om friskular. I førre veke sto han i Vestland fylkesting.

Artikkelen fortsetter under annonsen.

KrF står som sagt på friskuleforliket, ser verdien av desse skulane og vil vere sterk støttespelar. For Ap, Sp, V og MDG får ein sjå kva dei gjer i praksis, heller enn å høyre på kva dei seier.

Viss du meiner friskular er ei viktig sak, så er rådet mitt at du mobiliserer for at KrF kjem over sperregrensa og får reell påverknad i saker som dette.