Homofile «bryllaup» og gjesterollen
Det må vera uhyre problematisk - truleg umogleg - å gå i et homofilt «bryllaup», fordi det bryt mot Guds gode vilje og skaparordning.
Den kjønnslikegyldige «ekteskapslova» fører mange problem med seg. Det gjeld både på det prinsipielle planet og på det praktiske planet.
For folk som meiner det etter Guds ord er prinsipielt galt at to av same kjønn «gifter» seg - anten det skjer borgarleg eller kyrkjeleg, oppstår det praktiske problemet om ein skal gå i «bryllaupet» om ein vert invitert.
Artikkelen fortsetter under annonsen.
Det store spørsmålet for bibelforplikta kristne vert då om det er rett å gratulera med og feira det som Bibelen forbyd, og som Guds ord definerer som synd. Er det rett å vera med på å velsigna og kasta glans over det som Guds ord fordømer - ja, som Bibelen faktisk seier fører i fortapinga?
Det har oppstått ein debatt rundt dette spørsmålet ved at KrF-leiaren er invitert til og har sagt ja til å delta i eit kjønnsnøytralt «bryllaup» - og han finn si deltaking uproblematisk og gled seg.
Hovudspørsmålet som er reist i denne samanhengen, er om det er greitt at ein KrF-leiar deltek i og hyller noko som partiet etter sitt program er prinsipielt imot. Det er eit relevant spørsmål, men problemet stikk langt djupare enn det.
Det vil nok oppstå situasjonar for politikarar der dei både i rolla som politikarar, som privatpersonar og familiemedlemmar må opptre i samanhengar som fremjar noko dei er imot.
Slik er det forresten for oss alle. Det hender - om vi er politikarar eller ikkje - at vi kjem i situasjonar der ulike prinsipp kolliderer, og der vi må velja det som skader minst, eller det som fremjar hovudsaka best. Det vil likevel gå grenser for kor vi kan delt av omsyn til personar og familie.
Les også: Forbønnshandling for homofilt par skaper strid
Det er eit bibelsk prinsipp at vi skal vera venlege og visa respekt mot våre medmenneske, og vi skal akta og æra alle så langt råd er.
Det er også eit bibelsk prinsipp at vi skal leva evangeliet verdig, og vi skal i alt vi gjer, svara for trua vår.
Artikkelen fortsetter under annonsen.
Vi skal i alle samanhengar tenkja og handla i samsvar med Guds ord, ikkje ut frå det som tida finn passande. Vi er samvitsbundne til dette.
Der ulike bibelske prinsipp kolliderer ut frå den kulturelle situasjonen, må dei overordna prinsippa få forkjørsrett.
Nokre gonger kan det vera vanskeleg å avgjera dette, og vi vil vurdera situasjonen ulikt. Andre gonger er situasjonen eintydig ut frå prinsippet om alltid å lyda Gud.
Om ein er politikar eller politi, biskop eller bibelskulelærar, lærar eller lagerassistent spelar inga rolle når det gjeld den bibelske tenkinga.
Ein sentral politikar vil få eit tilleggsmoment i høve til kva signal vedkomande gjev med tanke på kva vekt eit punkt i partiprogrammet har.
Det må vera uhyre problematisk - truleg umogleg - å gå i eit homofilt «bryllaup», fordi det bryt mot Guds gode vilje og skaparordning, og er under Guds dom med tanke på frelsesspørsmålet.
Den som vel å gjera det av omsyn til familie og vener, må i alle fall vera prega av djup smerte i situasjonen.