DUGNAD: Korleis har ho skaffa midlar? Kvar helg i skisesongen sel ho eller familien vaflar ved skitrekka i Sirdal. Arrangere loppemarket på nærliggande stander. (...) «Dette er så givande, at det vil vi halde fram med» kjem det frå styreleiar Nina, vel vitande at både helger og ferie går med både for henne og familien, skriv Berit Helgøy Kloster.

Hjelpearbeid – er motivet andre eller oss sjølv?

Kvart ekte hjelpetiltak bør vera tosidig, ei glede for dei som gir, og livsnødvendig for dei som tek imot.

Finveret vekkjer minner frå barndommen. Mange sommargjester og mykje å finna på. Sidan vi var på ei øy vart alle invitert på alt. Sjølvlaga basarar, teater og spel.

Kjenneteiknet var at vi hadde inngangspengar, 50 øre, og dei skulle gå til dei fattige i Afrika. Misjonsbøssa fyltes opp, i vår tanke var Afrika lite nok til å vera nær.

Artikkelen fortsetter under annonsen.

Kvart ekte hjelpetiltak bør vera tosidig, ei glede for dei som gir, og livsnødvendig for dei som tek imot.

På dette må ingen frårøve misjonsorganisasjonane æra for den grunnleggjande oppdragarfunksjonen dei har hatt på den norske folkesjela.

Sjølv var eg student i Oslo under Biafra-krisa på slutten av 1960 talet. Ingen var upåverka av Erik Bye sine fjernsynsreportasjar, og Elias Berge sin heilhjerta innsats. Dei var vår utstrakte arm og gav oss ei kjensle av at vi utgjorde ein forskjell i verden.

Staten kom så inn gjennom u-hjelpa og Norad. Dette var våre skattepengar, og trong retningslinjer. Humanitærhjelpa skulle vere mest mogleg og nøytral. Kontrollapparatet har vorte så krevjande at mykje av arbeidsinnsatsen er flytta frå å vera nær dei naudlidande, til skrivebordsarbeid.

Mykje av hjelpearbeidet her heime vert omtale ut frå summen av innsamla midlar. Innsamlingsmetodane endrast til stadigheit, og tek nok kvelartaket på mykje av givargleda. Har vår årlege TV-innsamling vorte ein innbyrdes konkurranse mellom kommunar?

Alle hjelpetiltak krev pengar.

Men i det nødbølgjene trekkjer seg attende, dukkar gravande journalistar opp og fortel kvar pengane tok vegen. Dei finn «slangen» i Hagen, og fortel om korrupsjon og underslag. Forsvann visjon hjå dei unge KRIK-leiarane når omfattande svindel av arbeidet deira i Øst-Afrika vart avslørt? Eit slikt tap kan ikkje målast i pengar, det vil påverka generasjonar her hjå oss sjølv.

På ein verdskongress hadde ein lege dette innlegget relatert til dei store organisasjonane: «Eg gir ikkje så mykje som ei krone, dei utrettar ingen forskjell.» «Surpomp, pengekjær, utan erfaring!» … for gjennom hovudet mitt. Men er det noko vi har gløymt? Kva er det mottakarane legg merke til, pengesummen landsbyen får, logoen på bilene dei køyrer? Eller er det rett og slett at enkelt menneske kjem og røre ved dei?

Artikkelen fortsetter under annonsen.

På eit besøk i Tanzania midt på 80-talet møtte eg ein øst-tysk kirurg, sjef i arbeid for FN. Straks min nasjonalitet var kjent, fortalte han at iallfall han vart sjuk, skulle dei frakte han til Haydom Hospitalet på høgsletta og ha tilsyn av sjukesøster Sæberg.

Knapt nokon har redda så mange liv som henne. «Sjølv har eg operert hundrevis, men dei fleste har døyd på grunn av slurv med postoperativt arbeid.» Han sjokkerte meg: Torborg Sæberg var ei stillegåande kvinne frå heimbygda mi!

For nokon er det situasjonen dei møter som skaper utfordringa , får dei til å spørje korleis dei kan eg gjera ein forskjell ut frå eiga tid og midlar?.

Sirdals-jenta Nina tok i 2010 eitt studieår i Tanga i Tanzania. Her følgde ho opp ulike humanitære småprosjekter. Ei flott tanzaniansk kristen kvinne, Bahati, (lykke) hadde opna heimen sin for foreldrelause gutar og jenter. Gav dei omsorg, mat og skulegang.

Ved avreise spurte ein arbeider: «Kven skal eg føre opp som økonomiansvarleg for ‹Home of Bahati›?» «Før opp meg» kom det frå Nina, som sagt så gjort. Sju og eit halvt år er gått, og i desse dagar er Nina med mann og son til Tanzania for å sjå til sine 12 ekstra barn.

Dei har fått regelmessig skulegang, har skaffa eige hus og skolebuss. Framfor alt, og det er det viktige for Nina, dei for morsomsorg og søskenkjærleik.

Korleis har ho skaffa midlar? Kvar helg i skisesongen sel ho eller familien vaflar ved skitrekka i Sirdal. Arrangere loppemarket på nærliggande stander. Sidan dette hjelpetiltaket er berekraftig og lett forståelig, har også Sirdal kommune og 50 faste givarar gitt rause gåver. Her er ingen driftskostnadar. 100 prosent går til barna sin oppvekst.

Eit prosjekt av denne typen prosjekt er sjeldan korrupsjonsutsett.

Artikkelen fortsetter under annonsen.

Det er ingen planar om å avslutte når fyrste kull med barne er ferdig utdanna, nye kjem stadig til. «Dette er så givande, at det vil vi halde fram med» kjem det frå styreleiar Nina, vel vitande at både helger og ferie går med både for henne og familien.

Les også
Kirkene – en viktig aktør i utviklingsarbeid
Les også
Tragedien jeg ikke fikk øye på
Les også
Evangeliet har hast, men ikkje hastverk
Les også
Hjelper enker og farløse i Syria
Les også
Dugnad for rent drikkevann i Gaza